Vågsøy kommune

Vågsøy kommune ligg ute ved kysten heilt på nordsida av Nordfjord. Kommunen består av Vågsøya, fastlandet og Bryggja, Husevågøy, Risøy, Gangsøy, Grindøy og Silda. 

Arealmessig er Vågsøy den minste kommunen i Sogn og Fjordane, og i kommunen bur det om lag 6000 innbyggarar.  Den karakteristiske Måløybrua knyt øya saman med fastlandet.

Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod. Her er også gode tilhøve for friluftsliv.

Måløy er administrasjonssenteret i kommunen, og har sidan 1997 hatt bystatus. I Måløy har om lag halvparten av innbyggarane i kommunen har busett seg. Her finn du eit koseleg sentrum med fleire butikkar, restaurantar og kafèar, rådhus, bowling, bibliotek, hotell og småbåthamn. I tillegg byr Nordfjordhallen på mange ulike kultur - og fritidsaktivitetar.

Med havet som næraste nabo er Vågsøy tufta på kystkultur og fiskeri, og er ein av dei største fiskerikommunane i landet. Næringslivet i kommunen er også prega av mange IT- og teknologibedrifter.

Det går ekspressbåt frå Måløy til Bergen to gongar dagleg. I tillegg har Hurtigruta fast anløp både nordover og sørover. Det går også fly både frå Sandane i Gloppen kommune, og frå Florø i Flora kommune. Det går dagleg tre ekspressruter med buss til/frå Oslo.

Vågsøy kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord. 


Velkommen til Vågsøy!