Påmelding karrieremesse Y6sw3kjhxzok5dz50vvk

Aurland kommune

Vakre Aurland kommune ligg i indre sogn, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen.

Kommunen har om lag 1700 innbyggarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi og bygdene Bakka, Styvi og Dyrdal i verdsarvfjorden – Nærøyfjorden.

Jordbruk, handel, skogproduksjon, kraftproduksjon og turisme er viktige næringsvegar i Aurland. Fleire driv også med tradisjonelle næringar som til dømes geitehald.

Slåande vakker og variert natur lokkar turistane til kommunen. Aurlandsdalen, Flåmsdalen, Nærøyfjorden og fiske i Aurlandselva er svært populære attraksjonar. Ved den populære utsiktsplattforma Stegastein, som ligg 650 meter over Aurlandsfjorden, får ein panoramautsikt utover det nydelege landskapet. Flåmsbana er ein av dei største attraksjonane i Norge, og ei av verdas mest spektakulære togreiser.

Heldigvis er ikkje attraksjonane berre for turistane – også lokalbefolkninga kosar seg i fjell og fjord. Er ein glad i natur,  er Aurland ein eventyrleg stad å bu.

Velkommen til Aurland!