Mghkoa5glh2qkmxelklu

Gloppen kommune

2011    Kåra til Norges beste kulturkommune.

2015    3. plass i UEFA kåring for arbeidet med breiddeidrett.

2015    Kåra til norges nest beste kommune å bu i.

2017    Kåra til Norges beste kjøkken.

2017    Kåra til årets musikkommune i Norge

Gloppen kommune kan vise til ei imponerande «premiesamling» i ei kommune der det bur om lag 5800 innbyggarar. Vel 2500 av desse har busett seg ved kommunesenteret Sandane som går i retning av ein urban fjordlandsby.

Kommunen er kjend for lakselevar, stisykling, lokalmat og hurtigåande passasjerbåtar med teknologi i verdstoppen.

Gloppen er unik på idrett og kultur, og har mellom anna Trivselshagen med turnhall, symjehall, klatrevegg på 15 meter, 4 handballbaner, volleyballbaner, kultursal, kinosal, dansesalar og mykje meir. Rundt om i kommunen er det flotte annlegg, eit flust med fotballbaner, tennisbaner og klatreparkar. I kommunen er det også kulturskule, 9 festivalar for dei kulturinteresserte. Det er ikkje utan grunn at vi vart årets kulturkommune i 2011

Gloppen har eit spennande og variert næringsliv som er leiande i verda på det dei jobbar med. Posisjonen som Norges kompositthovudstad er brukt om kommunen. I tillegg er Gloppen den største landbrukskommunen i Sogn og Fjordane. Her finn du alt frå nisjebutikkar på gateplan, flotte kafear og viktige møteplassar, til utdanningsinstutisjonar som Firda Vidaregåande og Nordfjord Folkehøgskule. Her er også store selskap. Gloppen er også ei markant kraftkommune og har hovudkontor for Sogn og Fjordane Energi AS.

Kommunen kan by på eit mangfaldig friluftsliv med alt frå toppturar i bratte fjell, padling i vakre fjordar, og mange tilrettelagde turløyper for alle aldrar og nivå. Her finn du og Trivselsskogen som er nasjonalt pilotprosjekt for DNT si nærturområdesatsing. Det blir gjort mykje for at Gloppen skal vere ein fin plass å bu og vekse opp i. 

Gloppen kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord. 

Velkommen til Gloppen!