Påmelding karrieremesse U6rkpw1yfxwwldlg5k97

Flora kommune

Over 12.000 innbyggarar bur i Noregs vestlegaste bykommune, Flora. Her bur ein frå kyst til bre, frå øyar til fjelltoppar, og mellom strand, gater og åsar.

Med bysenteret Florø har kommunen mykje å by på. Her finn du mellom anna eit stort kjøpesenter, og den trivelege handlegata, Strandgata. Kino- og kulturopplevingar får du på Flora Samfunnshus.

Florø er også inngangsportalen til fjord-regionen som National Geographic har kåra til verdas mest ettertrakta reisemål. Florø og Flora kommune er bokstaveleg talt eit naturleg eldorado for fritidsaktivitetar – både organiserte og uorganiserte opplevingar: Frå festivalar til golf, kortreist mat og storslåtte maritime opplevingar. Her er det noko for ein kvar smak. 

Flora er gode på arrangement. Til dømes Våt Moro og smaksfestivalen Godt i gapet i sommarmånadane, og folkefesten Kjippen på nyttårsaftan. På øya Kinn rett vest for Florø har både norsk og europeisk historie blitt gjenskapt i det kjente Kinnaspelet i over 30 år. 

Flora er ein viktig industrikommune. Dei viktigaste bransjane er oljerelaterte tenester og fiske- og oppdrettsrelatert industri. I tillegg er det ei rekke små og mellomstore verksemder innan fleire bransjar som til dømes IT, bygg, arkitekt, reiseliv, skule, handel og service.

Florø lufthamn er den største kortbaneflyplassen i landet. Her går det dagleg fly til alle dei store byane.

Floraværingane har alltid vore full av pågangsmot og kreativitet, og har stor sjølvstendig gjennomføringskraft. Næringslivet i Flora er framtidsretta og variert, og har evna til rask endring, nyvinning og tilpassing.

Flora kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Velkommen til Flora!