Vik kommune

Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden og har i overkant av 2700 innbyggarar. Forutan kommunesenteret Vik, finn du bygdene Fresvik, Feios, Vangsnes og Arnafjord. 

Vik er del av verdsarvområdet Nærøyfjorden Verdsarvpark og landskapsvernområdet Stølsheimen. Dette gir mange mogelegheiter til flotte opplevingar.

Kommunen har eit variert næringsliv med fleire nasjonalt og internasjonalt leiande bedrifter. Nærmare 100 aktive lag og organisasjonar tilbyr fritidstilbod. Eit variert næringsliv og offentlege verksemder gir mange spennande jobbalternativ. 

Sjå her for oversikt over bedriftene i Vik.

I Vik finn du verdens einaste produksjonsstad av gamalost. Vik er og Norges største bringebærprodusent. Dette blir markert årleg med Gamalostfestivalen og Norsk Bringebærfestival. Fres Festival er også godt kjent av mange i alle aldersgrupper.

I lag med mange fritidsaktivitetar innan natur, idrett og kultur og gode
offentlege tenester gir dette grunnlag for eit godt liv i Vik.


Velkommen til Vik!


Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.