Iauiisifzshaxgfyxmys

Selje kommune

Selje kommune er den kommunen i Nordfjord som ligg lengst nordvest i Sogn og Fjordane. Kommunen har i underkant av 2800 innbyggarar.

Selje har vakker natur og har mange ulike aktivitetar å ta del i.         

Langs fjellsidene i den flate og vide bygda Hoddevik ligg det flygesand. Her er ei herleg sandstrand med gode tilhøve for bølgesurfing. Til Hoddevik kjem det surfarar frå alle land, og er ifølge The Guardian blant dei ti beste surfestadane i heile verda!

Selje og Stadthalvøya eignar seg godt til vandring og naturopplevingar året rundt. Det er kort veg frå fjøre til fjell, og eit fint terreng å gå i.

Kommunen er rik på mange kulturminner og har ei spennande kulturell historie.

Selje har eit godt barnehagetilbod, skule og skulefritidsordning, omsorgstenester og tekniske tenester.

Administrasjonssenteret Selje ligg lunt til langs den 500 meter lange kvite havstranda Seljesanden. Her er det ei god småbåthamn. Selje har dagleg ekspressbåtsamband med Bergen.


Selje kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.


Velkommen til Selje!