Påmelding karrieremesse Ojuqjs8mj4tqdqvog0nv

Hornindal kommune

Hornindal kommune ligg sentralt plassert på grensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Kommunen har eit folketal på om lag 1200 personar, og er i areal ein av dei minste i fylket. Hornindal blir ofte kalla ”Honndalen” av dei lokale innbyggarane.

Dei harmoniske omgivnadane, dei mange aktivitetstilboda og den sentrale plasseringa gjer den vesle kommunen stadig meir populær når det gjeld busetting og etablering. Kommunen ligg i ein region der vegnettet er godt utbygd og avstandane korte. Her kan du bu landleg og leve urbant.

Hornindal har i dag eit vidt spekter av verksemder, som utgjer eit innovativt og framtidsretta næringsliv med mange spennande arbeidsplassar. Med dei korte avstandane bør draumejobben vere innan rekkevidde. Dei fleste arbeidsplassane er innan offentleg forvaltning og industri, då spesielt innan trebearbeiding. Største private bedrift er Ekornes Grodås AS, men om lag 90 tilsette. Landbruk er viktig for Hornindal, og kommunen har gjort store investeringar for å sikre denne næringa også i framtida.

Er du glad i friluftsliv kan du få unike naturopplevingar i ein storslått kombinasjon av fjell og dalar, skog og vatn. Gode snøtilhøve og variert terreng skaper gode forhold for tur- og skiaktivitetar. Skisenteret gjer det lett å komme opp i flott skiterreng nord for Hornindal.

Hornindalsvatnet er ein innsjø i Hornindal og nabokommunen Eid. Med sin maksimale djupna på 514 meter, er den Europa sin djupaste innsjø.

Hornindal kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.


Velkommen til Hornindal!