Stryn kommune

Stryn kommune ligg lengst inne i Nordfjord, i eit område som er kjend for sine blå isbrear, majestetiske fjell, frodige dalar og djupe innsjøar.

Kommunen har i underkant av 7200 innbyggarar, eller stryningar, som dei vert kalla. Her er det full barnehagedekning, gode skular, skulefritidsordning, omsorgstenester og tekniske tenester.

Stryn er den største skogbrukskommunen i fylket. I tillegg er husdyrhold, frukt – og bærdyrking viktig for jordbruket.

Viktige næringar er trelast og trevareindustri, metallindustri og nærings- og nytelsesmiddelindustri. I tillegg er det småindustri med blant anna tekstil, møblar og mineralske produkt. Det er vert å nemne at det kjende merket Moods of Norway kjem frå Stryn.

Turistnæringa er særleg viktig, og kommunen har fleire anlegg innan reiseliv. Briksdalsbreen, alpinanlegget Stryn Sommerski, klatreruta Via Ferrata i Loen, Loen Skylift og fjellet Skåla er nokre av attraksjonane kommunen har å by på. Her er det noko for ein kvar smak.

Stryn kommune er ein del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.


Velkommen til Stryn!





Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.