F4se6mlhzonytsizi2ur

Lærdal kommune

Innerst i Sognefjorden ligg sjarmerande Lærdal – med vakker natur og gamle trehus. Kommunen har om lag 2200 innbyggarar, og rundt halvparten bur i kommunesenteret Lærdalsøyri.

Lærdal kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen og har til alle tider vore eit nasjonalt knutepunkt.

Her får du spektakulær vestlandsnatur rett inn i stova, samstundes som klimaet minner om det stabile austlandsværet. Faktisk er Lærdal blant dei tørraste og varmaste stadane i landet. Sommaren er lang, vinteren mild og våren kjem tidleg.

I Lærdal dyrkast det både poteter, grønsaker, bær og frukt. Viktige arbeidsplassar er også kommunal forvaltning. Lærdal sjukehus, bygg og trevare, handel og så vidare. Les meir på Lærdal Næringsutvikling. I tillegg er Lærdal eit svært attraktivt reisemål for turistar.

Lærdal er eit eldorado for natur- og friluftsinteresserte, og har eit sport- og idrettstilbod til dei fleste. Her kan du jakte, fiske i fjellvatn eller i Sognefjorden, gå i fjellet, padle med kajakk, trene på Gymloftet treningsstudio, drive idrett i Lærdalshallen, dykking, triathlon, eller drive laksefiske i Lærdalselvi. Om vinteren kan du drive med isklatring eller gå på ski. Bur du i Lærdal er det kort veg til Hemsedal, Voss, Myrkdalen, Filefjell, Sogndalsdalen og Hafslo, noko som betyr at puddersnøen ikkje er langt unna.

I Lærdal er det lett å engasjere seg. Organisasjonslivet er mangfaldig og kulturlivet rikt.  Her er ein populær kulturskule, skular, barnehagar og gode kommunale tenestar.

Lærdal er gode på arrangement året rundt. I januar byrjar den internasjonale Veterancupen i fotball, VM i rakfisk går av stabelen i Borgund same månad. Arrangementa held fram om våren, sommaren og hausten med matfestival, fotballturneringar, ulike store idrettsarrangement og mykje meir. Gode dømer er Lærdalsmarknaden, Haustmarknaden og Julemarknaden som årleg samlar fleire tusen menneske til folkefest i gatene på Gamle Lærdalsøyri. Jordeplerock og Kom Heimatt-arrangementet trekker mykje folk om sommaren.


Velkommen til Lærdal!