Årdal kommune

Årdal kommune: #årdalmeirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir. Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, industribygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen. Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune. Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og. Alle er hjarteleg velkomne til oss!
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.