Naustdal kommune

Naustdal kommune er lokalisert mellom Førde og Florø, og er eit ideelt utgangspunkt dersom ein ønskjer å oppleve begge byane. I kommunen bur det i overkant av 2800 innbyggarar.

Naustdal er ei jordbrukskommune med mjølkeproduksjon og sauehold. Kommunen har fleire bedrifter innan bygg og anlegg, samt handverk. Nesten 60 prosent av dei yrkesaktive arbeider utanfor kommunen, hovudsakleg i nabokommunen Førde.

Naturen spenner frå kyst - og fjordlandskap i vest, til høgfjell i nordaust. Naustdal sentrum ligg om lag midt i lengdeaksen av kommunen.

Kommunen er kjent for lakseelva Nausta og kunstbygda Vevring. Idrettslaget Tambarskjelvar er nasjonal kjent for talent innan volleyball og vektløfting.

Kommunen har barnehagar, skule og skulefritidsordning, omsorgstenester og tekniske tenester.

Er du interessert i friluftsliv er Naustdal ein fin stad å vere. Du kan fiske i Førdefjorden eller i fjellvatn, sykle, klatre og gå i fjellet. Du finn kart over ei rekke merka turløyper gjennom prosjektet ”over stokk og stein” på kommunen sine heimesider. Ein kan også delta på arrangert idrett og friidrett i Naustdalshallen og på Naustdal stadion.

Om vinteren er det gode skiforhold, og inste del av Naustedalen er eit eldorado for skiaktivitetar. Her finn du Instedalen skianlegg med blant anna løyper og hoppbakkar. Køyrer ein endå lengre inn i dalen kjem du til Vona- eit skikkeleg vinterparadis på fine dagar. Her kan du spenne på deg skia og gå i fleire timar i oppkøyrde løyper eller off piste.

På flotte sommarsdagar er det populært å vere på Sanden i Naustdal. Det er ei flott strand som er laga til midt i sentrum, med gåavstand til butikkar og bensinstasjon. Her er det fint for både liten og stor.


Velkommen til Naustdal!



(Alle foto: Naustdal kommune/Øystein Ullaland)