Bke1narebqtxa0a34ubc

Leikanger kommune

Leikanger er ein liten kommune midt i Sogn, med om lag 2300 innbyggarar. Næraste nabo er regionsenteret Sogndal, vel 20 minuttar køyring frå Leikanger.

Leikanger er administrasjonssenteret i Sogn og Fjordane og vertskommune for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar.

Saman med Sogndal, utgjer Leikanger ei viktig næringsklyngje av offentlege tenester, forskings- og utviklingsmiljø. Sjansen for å finne ei stilling innanfor din nisje eller ditt spesialfelt er stor. I høve folketalet er variasjonen stor og talet høgt på kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Til Leikanger kjem folk frå heile landet og alle verdshjørne. Det gjev nye impulsar til eit yrande organisasjons- og kulturliv. Kommunen skorar høgt på “godt å bu"-kåringar og helse- og utdanningsmålingar.

Kommunen byr på rikeleg med kultur, idrett – og fritidstilbod til store og små. Her er arena for fotball og friidrett, klatrepark, flotte fotturar i skog og fjell, badeplassar og mykje meir. Om vinteren kan Leikanger by på preparerte langrennsløypar og fantastiske toppturar med magisk utsikt. Du kan gå toppturar, gå i lysløype og borna kan gå i skikarusell. Om du vil på kino tek du turen til Sogndal kulturhus.

For meir informasjon om kommunen kan du besøke Opplev Leikanger.


Velkommen til Leikanger!