Umbissrjoudehijf7ppx

Gaular kommune

Gaular er ein kommune i Sunnfjord, som har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunesenteret er Sande, som er sentralt plassert på Vestlandet og i Sogn og Fjordane.

Kommunen har eit variert kulturliv og fritidstilbod med idrettslag, historiske skodespel, revy, opera, jakt og fiske, og fleire andre aktivitetar. Her blir det arrangert fleire store hendingar årleg.  Gaularspelet, Gaularmarknaden, og motbakkeløpet Storehesten Opp, er gode døme på dette. 

Langeland ski- og fritidssenter er ein godt besøkt utfartstad sommar som vinter.

Den kulturinstitusjonen som har vekt mest merksemd dei siste åra, er Åmot Operagard. Her har fleire kjente musikarar stått på den unike gardscena i slåande vakker vestlandsnatur.

Kommunen er prega av det verna sju mil lange Gaularvassdraget. Der finn vi den kjende lakseelva Gaula, som er utbygd med laksetrapper. Her kan du prøve fiskelykka!

Bustadprisane er forholdsvis låge samanlikna med til dømes nabokommunen Førde. Kort reisetid mellom kommunane gjer derfor at mange vel å busette seg i Gaular og pendle til jobb i nabokommunane.

I Gaular er det kring 440 bedrifter, og bedriftene er stadig på jakt etter arbeidskraft. Av større arbeidsplassar i kommunen er Maritime Montering på Bjørvikstranda, Nistad Transport og Avinor og Airlift på Bringeland. Dersom du busett deg i Gaular når du eit stort arbeidsområdet innanfor mindre enn ein time køyring.

Førde lufthamn Bringeland ligg innanfor kommunegrensene, med fem daglege avgangar til Oslo, og to turar til Bergen.

Tilflyttarportalen kan du lese meir om Gaular og kor fint det er å bu her.


Velkommen til Gaular!