FOLKA konferansen 2025

Nyheiter

Frå psykisk helse og KI til parykkar og rumperist. Slik var FOLKA 2025

Korleis får vi fire generasjonar til å ha det godt i same arbeidsliv? Svaret kom i ulike former, tonar og rytmar på Skei.

Rekrutteringsonferansen opna med generasjonsmangfald i praksis: Utplasseringseleven Lotta Slettehaug (15) ønska velkomen saman med dagleg leiar Linda Hovland (57). Til latter frå salen spøka dei med fordommar rundt Gen Z og Gen X, før dagens konferansier tok over.

FOLKA konferansen på Skei

Gen z og Gen X: Lotta (15) og Linda (57) opna konferansen.

Du kan jo ikkje flytte til Luster

Det var Hege Janson Skogen som leia konferansen. Ho tok oss med på reisa si frå eit forventa liv i Oslo med leiarstilling, til å kjøpe einebustad i Luster og starte Livet 2.0 som sommelier og friluftsentusiast. Med karriereskifte, verdival og ei god dose magefølelse, har Hege utfordra normer og vist korleis teknologi, fleksibilitet og verdiar gjer det mogleg å forme drøymearbeidslivet – også i Luster. «Ta deg ein bolle!» var bodskapen til alle som ikkje trudde på henne.

"Eg har ein sterk magefølelse på å få til Livet 2.0 i Luster"

Hege Skogen

Konferansier Hege Skogen

Gi litt meir fan

Psykologspesialist Solbjørg Hanitz oppmoda oss til å gi litt meir fan. Overtenking og prestasjonsjag gjer ungdom slitne – og det smittar. Løysinga? Tydelege rammer, forventningsavklaring, mindre overtenking og meir sosialt samvær. Leiarar må signalisere tryggheit og tillit, var den klare oppfordringa til korleis unngå usikkerheit blant unge arbeidstakarar.

"Å vere for på kan gjere alle generasjonar utslitt"

Solbjørg Hanitz

Psykologspesialist Solbjørg Hanitz

Det handlar ikkje om alder

Kristin Westreng Aas slo fast at alder ikkje seier noko om jobbprestasjon. Det handlar om personlegdom, haldningar og verdiar. Media skapar stereotypiar, men det er større forskjellar innan ein generasjon enn mellom dei, sa den erfarne hovudjegeren.

Samtidig kunne Tor Erik Danielsen, arbeidsmedisiner i Avonova, fortelje om forskjellar i ulike generasjonar. Dei eldste i arbeidslivet kjenner mest på meistring, medan dei mellom 18-29 kjenner mindre på meistring. 20% av dei mellom 18-29 kjenner psykisk ubehag grunna jobb fleire gonger i veka, medan berre 7% blant dei eldste kjenner på det.

Highsoft HR-avdeling

Highsoft: HR med parykk

Highsoft har gjort HR til The Happiness Department. Julia Gomez Vangsnes og Anne Jorunn Fjærestad fortalte korleis dei skapar samhald og trivsel med både moro og påverknad på arbeidsdagen. Med bursdagsfeiringar, fleksibilitet , middagar med «love og happiness» – og at dei tilsette får påverke strategi og utvikling, har dei skapt ein kultur der folk trivst og blir verande. Tips for godt arbeidsmiljø? Kjøp nokre parykkar og ha det litt gøy!

Betre arbeidsliv med KI og digital trivsel

Marita Frøyen frå Bano viste korleis KI effektiviserer HR-arbeidet. Med verktøy som Hailey får dei betre stillingsannonser og medarbeidarsamtalar, samt ein mykje meir effektiv medarbeidarundersøking. Kristoffer Hopsdal frå ATEA minte oss på at teknologi må fungere – og at møterom bør vere både smarte og trivelege.

Kjetil Krogstad

Riste rumpa og selje Norge

Kjetil Krogstad, profesjonell gledesspreiar og influensar, avslutta med eit smell. Med kreativitet og humor har han gjort det rare og tullete til ein suksessformel. Med rumperistevideo i Lofoten og stillingsannonsefilm med rekordmange søkarar, viste han at det å leike seg kan gi store resultat. Og ja, han fekk heile salen til å svinge på hoftene.

FOLKA

Workshop: Deltakarane fekk utfordra seg då blant anna organisasjonskultur stod på agendaen.

Nytt i år: workshops

For første gong fekk deltakarane tilbod om å delta på workshop på dag éin. Korleis fremje god organisasjonskultur og Korleis kan vi støtte god psykisk helse i arbeidslivet var tema for dei to workshopane. Målet var at deltakarane gikk heim med ny innsikt og gode verktøy for å skape ein betre arbeidsplass for seg sjølv og kollegaene.

Lerum vann pris

Vinnaren: Lerum stakk av med historias aller første Folkaprisen.

Lerum er årets arbeidsgivar

For aller første gong i historia vart Folkaprisen delt ut.Prisen skal gå til ein arbeidsgivar i Vestland som har gjort ein særskilt innsats på årets tema:

Fire generasjonar – eitt arbeidsliv. Korleis byggjer du ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?

Etter ei runde med opne nominasjonar plukka juryen ut fem finalistar. Til slutt sto dei att med vinnaren: Lerum, som sjekkar av på alle punkt for å vere ein god arbeidsplass for alle.

FOLKA 2025 var ikkje berre ein konferanse, det var eit kraftfullt bevis på at arbeidslivet er i endring, og at vi alle, uansett alder, har noko å bidra med. Så torer du å gå utanfor boksen? Kanskje det er der arbeidslivet 2.0 startar?

FOLKA

Full sal: Mange ønska inpirasjon og påfyll i HR-faget.

Fleire saker