FOLKA-prisen

Nyheiter

Her er finalistane til Folkaprisen!

I samband med rekrutteringskonferansen FOLKA 21. og 22. oktober lanserer vi ein heilt ny pris: Folkaprisen.

Prisen skal gå til ein arbeidsgivar i Vestland som har gjort ein særskilt innsats på årets tema for konferansen:

Fire generasjonar – eitt arbeidsliv. Korleis byggjer du ein arbeidsplass der alle vil vere, og bli verande?

Etter ei runde med opne nominasjonar, har juryen no plukka ut fem finalistar som kan stikke av med den splitter nye Folkaprisen den 22. oktober.

Finalistane til Folkaprisen 2025 er:

  • Norconsult
  • Stryn Bedrifstbarnehage
  • Tersan Havyard
  • Lerum
  • Retrams

Kriterium for å bli nominert:

  • Er ein god arbeidsplass for alle generasjonar
  • Klarer å få tak i, og halde på, flinke folk
  • Skapar tryggleik og trivsel på jobb gjennom konkrete og målretta tiltak
  • Er til inspirasjon for andre når det kjem til rekruttering og arbeidsmiljø

Vinnaren av Folkaprisen blir kåra på FOLKA 22. oktober. Dei får heider og ære og 10 000 kroner til å bruke på noko som fremjar arbeidsmiljøet i bedrifta si!

I juryen sit:

  • Eirik Rostad Ness, HR-direktør Sparebank1 Sogn og Fjordane
  • Tonje Bjerkan, Nordfjordkompaniet
  • Henrik Skyttermoen, Sogn Næring
  • Astrid Marie Vie, Sunnfjord Utvikling
  • Wenny Irene Hansen, NHO Vestland
Eg vil delta på konferansen

Rekrutteringskonferansen FOLKA blir arrangert av Framtidsfylket Vestland, NHO Vestland, Nordfjordkompaniet, Sogn Næring og Sunnfjord Utvikling. Sparebank1 Sogn og Fjordane er sponsor for konferansen.

Fleire saker