Poden & Boden

Nyheiter

Sluttpakke i Tibber opna nye (butikk)dører

Silje Viktoria var ikkje berre på rett stad til rett tid, ho er også rette personen til å leie Poden & Boden

Det tar litt tid før Silje Viktoria Gravdal Vallestad kan sette seg ned for ein prat. Ein eldre herremann er nysgjerrig på den nye butikken som har opna på Elvekanten i Førde. Silje Viktoria tek seg god tid til å svare han, og fortel ivrig om konseptet. Ho rekk knapt å avslutte, før ein gjeng unge jenter kjem for å be om hjelp.

 Travelt?

– Nei-da. Eg elskar å prate, ler ho.

Har eg sett deg før?

Om du bur i Sunnfjord, har du kanskje sett ho før. Bak ein bardisk, som servitør på Pikant, med ein pizza i handa på Peppes, eller kanskje travelt opptatt på Sunnfjordparken?

– Eg trivst godt i servicebransjen, og har ofte hatt fleire jobbar samtidig. Då kjem snakketøyet godt med, smiler 25-åringen frå Viksdalen. 

Bruktbutikken Poden & Boden opna dørene for nokre veker sidan. At det var Silje Viktoria som skulle bli butikksjef, er resultatet av fleire faktorar.

"Eg brukte ti sekund på å bestemme meg"

Silje

Løysinga kom etter eit kvarter

– Før eg vart butikksjef jobba eg med kundeservice i Tibber. Då dei skulle nedbemanne, takka eg ja til sluttpakke. Etterpå tenkte eg: Oi, dette var kanskje litt dumt?

Eit kvarter etterpå ringte telefonen.

Dritbra konsept

– Det var Sigrid (Eikeland) som ringte for å pitche Poden. Bruktbutikken som ho og Marie Tefre Birkeland hadde ideen til, trengte ein butikksjef. Eg synest konseptet verka dritbra og brukte ti sekund på å bestemme meg.

Konseptet går ut på at privatpersonar kan leige ei bod i butikken, og at butikken sel varene for dei mot provisjon. I utgangspunktet skulle dette vere ein barnebutikk, men Silje Viktoria ville det annleis.

– Eg foreslo ein vaksendel. Mest fordi eg hadde meir trua på konseptet slik, men også fordi det ville auke sjansen for at eg ville trivast på jobb. Eg elskar vintage og klede sjølv, og kosar meg stort i bruktbutikkar. Korleis du kler deg er ein måte å uttrykke seg på, og det beste er jo å finne noko heilt unikt.

Engasjementet til Silje Viktoria i kombinasjon med brei erfaring frå servicebransjen, viste at ho var den rette for butikksjefjobben. Ho fekk også sjansen til å kjøpe seg inn i bedrifta:

– Så der rauk den sluttpakken, ler ho.

Bruktbutikk Førde

Attraksjon: Poden & Boden er meir enn ein bruktbutikk. Interiøret er nøye gjennomtenkt, og nye tilbod vil komme til.

Meir enn ein butikk

Siste halvåret har Silje Viktoria og resten av trioen vore oppslukte i å gjere klar butikken. Korleis butikken skulle sjå ut var sentralt i planlegginga:

– Vi vil at butikken skal vere ein attraksjon. Det skal vere ekstra fint her, orden i bodene og knallgod kundeservice. All innreiinga er til dømes brukt, og det ligg lang planlegging bak interiør og fargar. Vi er ikkje «berre» ein bruktbutikk, understrekar ho.

Etter kvart ønsker dei å bruke lokalet til pop-up arrangement og ha ulike tema.

– Tema kan vere alt frå karnevalsesong eller skiutstyr til verktøy som hopar seg opp i garasjen. Vi vil også prøve å få til sykveldar og anna gøy.

Ho ser drøymande ut i lufta.

– Tenk om Poden & Boden kunne blitt ein attraksjon som folk kom langvegs for!

Bruktbutikk

Butikken har ein eigen seksjon for brukte leikar.

Bruktbutikk

Orden: Silje Viktoria legg si ære i at det skal vere ein ryddig butikk.

Diggar konseptet

Den første månaden har bodene vore fullbooka. Sunnfjordingane diggar konseptet.

– Folk synest det er gøy å ha sin eigen butikk i butikken! Og kundane likar å vere på skattejakt.

Tida framover vil butikksjefen bruke på å danne seg eit bilde av ein normal arbeidsdag. Etter kvart vil dei justere opningstider, tal tilsette og anna som må gå seg til. Med eit flunka nytt konsept ingen har prøvd ut før i området, er det mange ubesvarte spørsmål. Men det er éin ting Silje Viktoria er sikker på.

– Gjenbruk har kome for å bli.

Fleire saker