Oliver Grimset Nes

Nyheiter

Kontorarbeid og klatring

Kombinasjonen av arbeidsoppgåver er det aller mest spennande i Oliver Grimseth Nes sin sommarjobb.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som brukar sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland.

Kva gjer du i sommar?

I sommar jobbar eg hos BKK, både på kontor og ute i linjene som energimontør. På kontor jobbar eg i ei stilling som Geonis-operatør, systemet BKK brukar til å administrere alle komponentar for straumnettet i kart. I systemet teiknar eg linjene, komponentane og kabelnettet for å gjere det meir oversiktleg. Resultatet er at energimontørar og andre enkelt kan sjå kvar kablar, nettstasjonar, stolpar og så vidare er plassert – noko som gjer feilretting og anna arbeid meir effektivt.

Den andre delen av sommarjobben, som energimontør, går ut på å drifte, vedlikehalde og bygge luftlinje og kabelnett. Dette inkluderer fleire forskjellege arbeidsoppgåver, som for eksempel å erstatte eldre luftlinjer med nye og meir moderne master og linjer.

Montør BKK

Kva er det mest spennande med jobben?

Eg har frå før fagbrev som energimontør og studerer no bachelor som elektroingeniør. Forrige sommar jobba eg som energimontør, men i år fekk eg tilbod om å jobbe med dette i tillegg, noko som gir meir studierelevant erfaring. Det er moro å bruke fleire erfaringar i sommarjobben, og kombinasjonen av arbeidsoppgåver er nok det aller mest spennande.

Korleis er jobben relevant for utdanninga di?

Fordelen med å jobbe både i felt og på kontor er at eg får vedlikehalde dei praktiske ferdigheitene frå fagbrevet, i tillegg til å prøve meg på oppgåver som ventar etter utdanning. Kombinasjonen med fagbrev og vidare utdanning ser eg på som ein fordel. Det gir ei god forståing for korleis ting heng saman, som eg også håpar arbeidsgjevarar set pris på.

Klarte Oliver Grimseth Nes
Klatre på jobb

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Kraftproduksjon og faget er svært spennande. Eg håpar å sitte igjen med fleire erfaringar og meir kunnskap. Forhåpentlegvis vil eg kunne bruke det eg lærer på skulen i jobb og vice versa.

BKK er ei spennande bedrift som gir relevant arbeidserfaring. Som student har eg fått auka forståing for faget, og når eg seinare skal ut og søke fulltidsjobb håpar eg at erfaringane gjer meg til ein sterkare kandidat.

Oliver sommarjobb

Fleire saker