Otilia Sandal

Nyheiter

Otilia er museumsvert på Astruptunet

Otilia Sandal har sommarjobb på Astruptunet.

I spalta «Min sommarjobb» får du møte unge menneske som brukar sommaren på læring, utvikling og spennande prosjekt i Vestland.

Fortel i korte drag om jobben og kva den går ut på?

Eg jobbar som museumsvert på Astruptunet. Her fortel eg om kunstnaren Nikolai Astrup på omvising i dei gamle stovene, tar med besøkande i galleriet, i tillegg til å selje kaffi, vaflar og sveler i kafeen vår.

Dei besøkande er vanlege turistar frå innland og utland. I jobben vil eg vere den besten verten og informanten for desse som kjem.

Astruptunet Jølster

Kva er det mest spennande med jobben?

Det er reaksjonane til dei besøkande på omvising. Sidan gjestane kjem frå alle moglege plassar og er i ulike aldrar, set dei pris på ulike gjenstandar og forteljingar. Nokre kjenner igjen ovnane her frå gamle hus heime, medan andre lar seg imponere over dei nokså unike sengeplassane i kjøkkenstova. Det er kjekt korleis ein kunstnar som eg likar, også engasjerer så mange andre – gjennom kunsten sin og livshistoria si.

Det er mange besøkande på tunet som lurer på om eg malar sjølv, men malinga har eg overlatt til Nikolai Astrup. I staden får eg møte mange forskjellige personar og vise fram verdas koselegaste plass.

museumsvert Astruptunet

Kva håpar du at du vil lære i løpet av arbeidsperioden?

Sidan eg allereie har jobba eit par somrar på Astruptunet, har eg allereie lært mykje. Eg har lært ekstremt mykje om Nikolai Astrup og livet på tunet. Men i tillegg lærer eg meg ‘å sjå’ den besøkande, ved å gjere meg oppmerksam på kva den enkelte interesserer seg for og kva ønskjer den har for sitt besøk.

Kva erfaringar vil du ha med deg vidare?

I både rolla som vert og som informant har eg fått, og skal få, mykje god øving i å formidle og prate med besøkande slik at dei vert like glad i tunet som meg. Dette er viktige erfaringar som eg tar med meg vidare.

Kvifor valde du å takke ja til akkurat denne jobben?

Allereie før eg jobba her, likte eg Astruptunet veldig godt. Å få tilbringe sommaren på ein koseleg plass, med ein imponerande historie, i lag med så utruleg mange kjekke folk er den beste sommarjobben ein kunne hatt.

Bygningar Astruptunet

Fleire saker