Attåt i Gloppen

Nyheiter

Når kjemien stemmer

Tekst: Rebecca Nedregotten Strand

Foto: Rebecca N. Strand / Privat

Dei har god kjemi og boblar av smaksrike idear. To kjemikarar fann kjærleiken og skapte draumejobben på ein eplegard i Gloppen.

Fruktene av det harde arbeidet deira kan gje fleire moglegheit til å finne lukka på landet.

Snøen har lagt seg på trea. Rad på rad i velstelte rekker ned mot Gloppefjorden. Under pudderet kviler kimen til ein rik eplehaust. Garden på Hauge ligg lunt i solhellinga. Ein perfekt stad for fruktdyrking – og for Jann Vestby, Synnøve Vik Bergstad og dei to borna deira.

– Å sleppe alt som skjer her inne, ta med seg epleplukkaren ut, og gå og plukke eple. I fint vêr med fjella og alt rundt seg.

Slik skildrar Jann sin draumedag, men då han og Synnøve var yngre hadde dei heilt andre planar.

Spiren til eit nytt liv

For dette eventyret startar ein annan stad. Langt borte frå epletre under vestlandsfjell. Kanskje var det mellom reagensrør på eit laboratorium at den gode kjemien oppstod?

– Eg er frå Nord-Odal, midt mellom Kongsvinger og Hamar, fortel Jann. – Vi møttes på sivilingeniørstudiet i Trondheim og skulle gjere karriere i andre bransjar.

Dei flytta til Oslo saman. Han var forskar i eit legemiddelselskap. Ho jobba som produktutviklar i Lilleborg. Inst inne lengta nok begge etter bygda, og Synnøve hadde odel på garden på Hauge.

– Pappa sa han ville drive den fram til han vart 70 år, og lurte på om vi ville ta over, seier Synnøve.

Han var ikkje på langt nær så gamal då han fortalte det. Heldigvis. For å bestemme seg for å drive gard, er ei stor avgjersle. I tillegg ville dei to kjemikarane også få brukt fagkompetansen sin.

Jann minnest korleis dei leika seg med ulike idear då dei vitja garden i sommarferiane.

– Vi sat her med svigerfar oppå verandaen i seine sommarkveldar, og spøka om at vi skulle byrje med frukt, sider, eplebrennevin og slikt.

For kjemi er viktig når ein skal lage alkoholhaldig drikke. Ideen om å starte Gardsbrenneriet hadde byrja å spire, og i 2009 flytta dei til Nordfjord.

– Dei fyrste åra sakna eg sushi, Synnøve ler, – men Gloppen er kjempefint. Det er ikkje så mykje eg saknar no lenger.

Frukthage på Hauge
Gardsbrenneri Gloppen

Modningsprosessen

I byrjinga var det beinhardt. Begge hadde fulle stillingar utanom garden. Jann jobba frå heimekontor, medan Synnøve måtte vekependle til Førde. Om kveldane og i helgane pussa dei opp gamlehuset på garden.

Dessutan var det berre 450 tre att i eplehagen. Dei trengte tusenvis.

– Alt låg eigentleg til rette, seier Jann, – fordi her har vore fruktgard sidan 1800-talet.

Snart stod epletrea tett i tett på markane att. Nesten 4000 stammar. Synnøve sin far, Jon Egil Vik, var sivilagronom og landbrukssjef i Gloppen. Med god hjelp frå han og andre lokale ekspertar, lærte kjemikarane å dyrke fram tradisjonsrike sortar.

– Så vi har laga epletrea våre sjølve, fortel Synnøve, – med innpoding utifrå dei sortane vi ynskjer.

Fruktdyrking har lange tradisjonar på Sandane. Gründerane på Gardsbrenneriet satsar på historiske sortar, som Haugeple; utvikla av Kornelius Hauge på nabogarden Karnilstunet rundt 1880. Dei har også Gloppestadeple, Enestående, Bramley Seedling og James Grieve, i tillegg til meir kjende sortar som Aroma, Gravenstein og Discovery.

I 2015 var Gardsbrenneriet modne for å lansere sitt fyrste produkt. Dei mangla berre eit godt namn på det.

Gårdsbrenneri

Kjemi: Filosofien er å berre lansere det dei likar sjølve. Den har vist seg å fungere godt.

Noko «Attåt»

– Det må passe attåt det, og attåt det og attåt det. Og så må det vere godt attåt sånn og slikt.

Dei sat i bilen og diskuterte kva drikka skulle passe til, då dei kom på det: «Attåt»! Alle deira alkoholhaldige produkt ber det merkenamnet.

Smaking og spytting, om att og om att. Filosofien er å berre lansere det dei likar sjølve. Den har vist seg å fungere godt. Gardsbrenneriet har vunne fleire av Vinmonopolet sine anbodsrunder. To av produkta deira finn du på alle pola i Noreg, og dei fleste andre er i bestillingsutvalet.

Most, gløgg, sider, hard seltzer, gin, sukkerøl, brus, likør, eplebrennevin og akevitt. Produkta er varierte, heile frukthagen er representert. Eple, plomer, morell, solbær, rips og andre vekstar. Sist sommar eksperimenterte dei også ute på åkeren. Å dyrke sukkerøyr i Noreg, er vanskeleg, men sukkerbetar kan gjere same nytten.

– Å lage brennevin på slike betar er det nye prosjektet no, fortel Jann. – Får vi det til å fungere og kanskje også rekruttert andre bønder til å dyrke det, så er det veldig god utnytting av matjorda.

Men det er langt frå den sprøaste ideen dei har hatt. «Attåt kløver gin» er laga på mysebrennevin med smak av einer, raudkløver, høy og vanilje. Målsetjinga var at ginen skulle vere smaksett med det ein finn på kyrne sitt beite. Mysen gjev smaken eit hint av Smørbukk.

– For den vesle skaren som har smakt den, har du to leirar. Anten så likar du den, eller så likar du den ikkje.

Gardsbrenneriet Gloppen

Variert: Most, gløgg, sider, hard seltzer, gin, sukkerøl, brus, likør, eplebrennevin og akevitt.

Ein mørk haust og ei ljos framtid

Inne i produksjonslokala er det trong om plassen. Gardsbrenneriet er i ferd med å vekse seg ut av garden. Framtida ser lovande ut, men nokon manglar.

Dei har mista sin beste støttespelar. Jon Egil Vik vart sjuk og døydde brått i 2021. No må dei leve utan far, svigerfar og bestefar. Sommaren og hausten har vore tung.

– Vi kjem oss litt på føtene att, seier Synnøve, –prøver å finne ein ny måte å få det til å fungere på.

Og dei har store planar. Hovudproduksjonen skal flyttast til eit næringslokale på Sandane.

– Dei neste to åra skal vi ha inn nye tilsette, og viss du ser på dei neste fem åra så treng vi enda fleire.

Drøymer du også om ei framtid blant tindar, fjord og grønkledde lier? Jann og Synnøve vil truleg ha behov for arbeidskraft til heile produksjonslinja i fabrikken. Dei treng folk med heilt spesifikk kompetanse; fagarbeidarar i industriell matproduksjon, fagoperatørar, bryggarar, automatikar og logistikkoperatør.

Heime på garden er planen å legge om til økologisk drift og invitere folk til opplevingar med fruktpressing og smaking. Dei håper å tilsetje ein gardsvert med ekspertise på vinsmaking og nokon med utdanning i økologisk hagebruk.

Attåt
Attåt

Hardt arbeid ber frukter

Med god kjemi og ein felles lidenskap har dei skapt ei suksessbedrift på garden ved fjorden.

– Hadde ambisjonen vore å tene veldig mykje pengar på kort tid, så hadde vi ikkje laga desse produkta, seier Synnøve. – Det er ikkje så lett å gjere business på det, men vi meiner at det vil løne seg på sikt fordi kvaliteten er god.

Når Gardsbrenneriet står stødig på eigne bein, kan dei bruke meir av arbeidstida på forsking og utvikling av nye råvarer.

– Eg trur det er ei gründersjuke. Ein startar opp noko sjølv og legg så mykje av sjela si i det at ein jobbar for mykje.

Dei har stor fridom, men lite fritid. Alle timane på jobb dei siste åra har byrja å bere frukter, og med det fleire moglegheiter til å nyte det vakre landskapet dei lever midt i. Samstundes held jakta på unike smaksopplevingar fram, og dei gler seg til fortsetjinga.

Attåt Gloppen

Har du lyst til å jobbe for Gardsbrenneriet i Gloppen? Her finn du meir informasjon om bedrifta.

Det er stor aktivitet i arbeidsmarknaden i Vesland, og her har du ei oversikt over ledige stillingar.