Julianne i NRK

Nyheiter

No reiser Julianne ifrå oss

Julianne har bestemt seg for å vingle vidare. Vestlandet ønsker ho alt godt og håpar på snarleg gjensyn.

For ei stund sidan tikka det inn ei melding til Framtidsfylket frå Julianne. Ho har tidlegare skrive månadens Karriereprat for oss, som vart ei av dei mest lesne sakene våre. No ville ho levere oppfølgaren.

Hei! Eg skal flytte til Oslo. No har eg så mykje fint å seie om kvar krik og krok i heile Sogn og Fjordane. Trur nok eg kjem til å lengte tilbake, og komme tilbake. Hadde vore morosamt med ein oppfølgar.

Interessant, tenkte vi. Derfor får du her perspektivet til ei som har flytta ut, heim – og ut igjen:

Farvel, Vestlandet

Forrige veke velta ein forkava 26-åring og 58 kilo bagasje inn dørene på Sandane lufthamn.

– Oi, skal du flytte eller?, spurde fyren bak innsjekkingsskranken.

– Ja! Eller, nei. Eg kjem heim om eitt år. Trur eg!

Så betalte eg (mamma) for overvekta, fann eit sete på det vesle flyet og vinka farvel til Vestlandet for denne gong.

Lat oss spole tilbake

«Ung, vinglete og heimekjær. Julianne Flølo (25) fekk jobbtilbod i Førde og flytta frå gøy brustein til vegkryss.»

Slik starta Karrierepraten eg skreiv etter nokre månader i Førde.

I 2020 jobba eg hos NRK Vestland i Bergen. På seinsommaren fekk eg spørsmål om å hjelpe til på Førde-kontoret i to månadar. Det sat langt inne å forlate den gøye brustein-byen, men eg sa ja.

Dei to planlagde månadane rakk å bli til tre år før eg kjende behov for å vingle vidare. Eg veit forresten ikkje om vingling er riktig ordval. Eg vil teste noko nytt, prøvebu i ein større by, bli betre i faget mitt, og sjå om livet framleis er det same.

Men, eg har trass alt berre permisjon, så lat oss kalle det utveksling. Eg skal på utveksling til kringkastinga sitt hovudkontor, med returbillett om eitt år. Luksus!

NRK Julianne

Julianne Flølo er reporter i NRK og har besøkt store deler av fylket.

Pessimisten i vegkrysset

Eit tilbakeblikk på eigne formuleringar viser at det var lite som tyda på at eg skulle vere tre år i Førde, eller Sogn og Fjordane for den del.

«Bakfull og med flyttelasset på slep sat eg meg på bussen med kurs mot Førde.

Turen tok omlag fire timar. Eg hadde altså meir enn nok tid til å angre, og målet var klart: Eg skal berre halde ut i to månader.

Hæ, skal du verkeleg flytte til det vegkrysset der?, spurde dei ærlegaste vennane mine.

Asfaltjungelen i Bergen med solide kaffimenyar, mat frå alle verdas kjøkken, kultur og natur i ein by som er levande sju dagar i veka. Det er hard konkurranse.»

Ja, de forstår greia. Den urbane 24 år gamle Julianne hadde jo budd i storbyar i både inn- og utland. Førde nådde dei ikkje eingong til ankelen.

"Eg måtte utforske fylket åleine"

Vestland

Kva skjedde?

Heldigvis har livet lært meg å vere open. Det går an å endre meining. Og beklager å måtte seie det, for du har sikkert høyrt det før: det handlar om innstilling. Det var fint å bu i Kuala Lumpur i Malaysia, men det var også klamt og varmt. Det er ikkje så kult å vere på nattklubb når du er gjennomvåt i luggen. Og apropos gjennomvåt, så er det ganske vått i Bergen òg. Brusteinen blir glatt, mascaraen er plutseleg på kjakane og paraplyen er din faste følgesven. Desse tinga tenkte eg aldri på før. Det einaste eg tenkte på var kor mykje eg digga livet i desse to byane.

Sidan vennane mine framleis var i Bergen, måtte eg utforske Sogn og Fjordane på eiga hand. Eg skjønte fort at det var mykje eg ikkje visste. Eg trudde heimstaden min Måløy nærast var aleine om krittkvite strender, toppar med utsikt som tek pusten i frå deg og blodraude solnedgangar med påfølgande sukkerspinn-himmel. Horisonten var ganske trong.

"Horisonten var ganske trong"

Måløy

Kjem langt på ein time

Takka vere jobben min som reporter og programleiar i NRK har auga mine opna seg for kvar krik og krok i Sogn og Fjordane. Ein må også rekne med nokre timar i bil i løpet av ei veke. Det har senka terskelen min for køyring på privaten. Og aldri har eg vore meir takksam for å bu i det eg før nedlatande kalla vegkrysset. For eit fantastisk vegkryss! Er du klar over kor langt du kjem deg på ein time?

På Skei finn du spektakulære toppar og den turkise Kjøsnesfjorden, i Fjærland ventar isbrear og flytande badstu, og toppen av Skålefjellet i Stavang har evighetsbasseng med utsikt i rett i havgapet. Og dessutan kan du kjøpe med deg dei beste kanelknutane og ein barista-kaffi på vegen. Framleis treng du berre ein time.

Trivselsfylket er sjølvsagt meir enn fjell, fjord, fossar og hav. Jobben min har også gitt meg møter med alle mulige typar folk. Frå den slagferdige yrkessjåføren, til den omsorgsfulle læraren, optimistiske entreprenøren og verdsvande direktøren. Alle med glimt i auge og varmt engasjement. Slike møter gjer at Sogn og Fjordane kjennest ganske stort. Kanskje ikkje i storleik, men i perspektiv og idear.

Stavang
Sogn og Fjordane

Det trivelegaste springbrettet

Då eg starta på bergenskontoret i NRK hadde eg korte kontrakter. Vi snakkar ei veke her og ei veke der. Dersom eg fekk ein månad jubla eg. Slik er det for dei fleste som vil inn i bransjen. Det var også derfor eg takka ja då telefonen frå Førde kom. To månadar med jobb kjendes som ein evighet.

Eg vart tatt imot med opne armar. Eg fekk lære av den dyktige redaksjonen, prøve på eiga hand, snuble litt, og prøve igjen, og få kjensla av meistring. Vikariata vart til fast jobb, fordi nokon trudde på meg. Hadde eg ikkje reist til Sogn og Fjordane ville eg nok ikkje fått dette utvekslingsåret på Marienlyst heller. Plutseleg var vegen til Oslo kort.

JObbing i NRK

Antiklimakset

Det var eit antiklimaks å opne det fantastiske Nynorskhuset i Førde, og flytte dagen derpå. Sjølv med uendeleg tilgong på kulturopplevingar i Oslo skulle eg gjerne sett Sigrid på Larris Scene, opplevd operahausten på Nordfjordeid og dansa til Kjartan Lauritzen på Meieriet i Sogndal. Nettverka for unge i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn blomstrar - og det same gjer næringslivet.

Eg har alltid tenkt at den internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde ikkje var for meg. Heller ikkje teaterfestivalen i Fjaler. I år gav eg begge deler ein sjanse, og vart blåst i bakken av opplevingane (det var dette med innstilling…).

Erna Solberg

Stødig base hos kollegaene

Det er også på denne måten eg har fått nye relasjonar i Sunnfjord. Gjengen i NRK har vore ein stødig base også på fritida, og etterkvart har nettverket utvida seg med folk eg har treft på trening, dansegulvet, fjellet eller gjennom jobben min. Det er ikkje berre-berre å få nye venner, så mitt beste råd er å oppsøke stader der du møter nye folk. Pratar du med nokon du klikkar med, ver om deg! Spør om personen vil finne på noko til veka. Sjansen er stor for at du får ja, sjølv frå ein sunnfjording som må tenke seg litt om først.

Festleg lag i Førde

Returbilletten ❤️

Eg var heldigvis ikkje berre naiv og nedlatande for tre år sidan:

“Eg trur at noko av det beste vi som kanskje vil busetje oss i småby eller bygd ein gong kan gjere for distrikta, er å sanke perspektiv, impulsar og erfaringar i mellomtida.”

Fornuftig! Dette held eg fast ved, og det er det eg håpar å få ut av dette utvekslingsopphaldet i hovudstaden.

Eg har berre vore nokre dagar i Oslo, og lengtar ikkje heim enno (truleg rusa på tett, skitten byluft, overveldande inntrykk og kvalitetstid med vennane eg ikkje har vore nær på tre år). Men det kjem nok. Då er det fint å tenke på at eg har returbillett til verdas aller beste Sogn og Fjordane.

Topptur Sunnfjord

Fleire saker