Vestland fylkeskommune Hovedbilde

Rådgjevar - arkeolog

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Vestland fylkeskommune Sunnfjord Fulltid
Vestland fylkeskommune Logo

Vestland fylkeskommune

Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norge
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Karoline Hareide Breivik, leiar
415 30 617

Søknadsfrist

16. januar 2023 Søk på stillinga her

Om stillinga

Vestland fylkeskommune søkjer ein rådgjevar / arkeolog i 100 % fast stilling, i seksjon for kulturarv, fageining arealplan til kontorstad Førde.

Seksjon for kulturarv i avdeling for kultur og folkehelse, er organisert i tre fageiningar, museum, fartøy og bygningsvern, arealplan og feltarkeologi. Fageiningane er fordelt på tenestestadene Bergen, Førde og Leikanger. Seksjon for kulturarv har eit breitt fagmiljø som dekker heile Vestland fylke.

Vi ynskjer at den som vert tilsett tek til i stillinga snarast råd.

Arbeidsoppgåver

I all hovudsak sakshandsaming innanfor fagområdet kulturarv med ansvar for rådgjeving om automatisk freda kulturminne. Du skal følgje opp oppgåver som Vestland fylkeskommune har som regional planmynde og kulturmiljømynde.

  • Sakshandsaming, lovpålagde arbeidsoppgåver jf. plan- og bygningslova og kulturminnelova
  • Kulturminnefagleg fråsegn til kommuneplanar, områdereguleringsplanar og detaljreguleringsplanar
  • Kulturminnefagleg fråsegn til konsesjonssaker
  • Førebuing av saker til politisk handsaming
  • Andre oppgåver det er naturleg å legge til stillinga

Du må ha

  • Ferdigstilt høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innanfor relevant fagområde/arkeologi
  • Realkompetanse innan fagfelt arealplanlegging er ønskeleg
  • God innsikt i bruk av digitale arkiv, kart og andre kjelder på nett
  • Det vert stilt krav om førarkort for bil - klasse B
  • Fylkeskommunen nyttar nynorsk målform. Søkjar bør kunne uttrykke seg godt både munnleg og skriftleg

Brei erfaring innafor offentleg kulturminneforvaltning og kunnskap om relevant lovverk vil verte vektlagt . Det er ønskjeleg med erfaring med formidling og mediehandtering.

Vi søkjer personar som

  • Har eit fagleg engasjement
  • Har evne til å veksle mellom sjølvstendig arbeid og i eit fagleg fellesskap
  • Gjere prioriteringar, arbeide strukturert og levere på frist
  • Gode samarbeidsevner
  • Evner å sjå heilskapen, er løysingsorientert og meistrar fagleg skjønnsutøving

Vi tilbyr

  • Eit av Noregs mest sentrale fagmiljø innanfor kulturminnevernet
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Du må rekne med å måtte reise ein del i samband med jobben.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.