Level up med Framtidsfylket

Nyheiter

Level Up, what?

Samtidig som du blir betre kjent med Framtidsfylket, konkurrere du om feite opplevingar i Vestland.

I år vil vi gi deg ei utfordring. Vi vil at du skal blir betre kjent med Framtidsfylket og næringslivet i Vestland, samtidig som du konkurrerer om feite opplevingar i Vestland! Desto fleire oppgåver du løyser, desto fleire lodd i hatten. Alle som deltar er med i konkurransen, men med fleire lodd aukar du sjansen for å vinne premiar. Og premiane er det vel verdt å kjempe om! Berre sjekk her:

Via Ferrata Trolltunga // Malakoff

Via Ferrata Trolltunga // Malakoff

TestBlåisvandring på Jostedalsbreen // Birdbox på Langeland

Blåisvandring på Jostedalsbreen // Birdbox på Langeland

PREMIAR

Delta i Level Up

Level 1

Her får du 10 utfordringar som krev at du utfører oppgåver i Framtidsfylket sine kanalar. Du vel sjølv kva oppgåver du vil gjere, men hugs: desto fleire lodd i hatten...😉

Level 2

For å utføre oppgåver i Level 2, må du besøke Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen 22. mars. Du finn oss i Level up-teltet.

Påmelding Karrieremesse Bergen

Her er det mange poeng å hente, og samtidig som du utfører oppgåvene, vil du bli betre kjent med arbeidslivet i Vestland, ledige jobbar og bedriftene som står på stand. Din logiske sans vil også få seg ei utfordring... Nemnte vi at teltet er fylt med digg?

Level 3

Siste steg krev liten innsats. Last opp eit bilde av deg sjølv og fyll ut overskrifta om kva DU ønsker å oppnå i karrieren.

Voila! Du har hatten full av lodd og er med i trekkinga av mange, mange premiar frå Vestland!

PS: Du kan velje kva Level du vil delta i. Level 1, level 2 eller level 3, eller alle. Lodd er lodd 🤓

Delta i Level up

Fleire saker