22. mars inviterer vi deg som er nysgjerrig på jobb i Vestland til Framtidsfylket karrieremesse i Bergen.
Endeleg! Det er igjen tid for at du kan møte attraktive arbeidsgivarar frå Sogn & Fjordane og Ullensvang i Grieghallen i Bergen. Med seg har dei ledige stillingar, traineestillingar og spennande jobbsjansar. Om du vil ha ein jobb der du får vere med og påverke, er distriktet eit hot tips! 💚
Vi vil at DU skal ta Steget! Steget det er å søke ny jobb, steget det er å flytte og karrieresteget du drøymer om.
Vil du melde på bedifta di? Les meir her.
17.30: Dørene opnar. Takk for at du registrerer deg.
17.45: På scena står eit knippe unge og ambisiøse menneske med stor påverknad i arbeidslivet. Dei fortel si inspirerande historie.
18.15: Get ready to mingle! Møt bedrifter på stand, delta i konkurransar, skaff deg sommarjobb, ta deg ei svele, kapre eit jobbintervju, nyt vår digge berekraftige buffet. Kvelden er din!
Level-up er eit nytt konsept der du får utfordre deg sjølv og samtidig konkurrere om kule premiar. Vi deler ut konsertbillettar, opplevingar i Vestland, hotellovernatting og meir. Hugs å besøke Level-up-teltet.
Vi veit at du er opptatt av miljøet, og det er sjølvsagt vi også. Derfor har vi i år basert heile buffeten på restemat. Ja, du las riktig, og nei, maten er ikkje frå kontainerane i Grieghallen. Vi serverer digg, variert mat laga same dagen til andre event – men som er til overs. Altså restefest. Vinn/vinn?
Og sjølvsagt blir det også i år velduftande sveler rett frå takka 💚
Obs: Påmeldte bedrifter til no. Lista blir stadig oppdatert.
PS: I år har vi valt å gi 5 kroner per påmeldte til Unicef for å støtte dei som er ramma av krigen i Ukraina 💙 💛