Ada Elise Håberg er kodebonden

Nyheiter

Ada Elise knekte koden

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Helle Frogner

Har kodebonden funne den ultimate måten å jobbe på? Etter timar med nørding framfor skjermen, går Ada Elise ut for å grave i jorda.

«Åtte til fire». Smak på uttrykket. Kva føler du om arbeidsforma dei fleste av oss endar opp i? Ada Elise Håberg treng ikkje kjenne etter, for ho har visst det sidan ho var liten.

– 8-4 har alltid skremt meg. Eg var ikkje gamal då eg tenkte: Korleis kan eg finne min eigen veg og unngå A4-livet?

Framtidas arbeidsliv?

«Vegen» har vore både svingete og humpete, og til tider kjennest lang. Men i dag er ho der ho vil vere. Kodebonden, som ho kallar seg, balanserer webutvikling med praktisk arbeid på småbruket sitt.

– Er dette framtidas arbeidsliv?

Ada Elise drar litt på det og smiler.

– For meg er det det, seier ho og utdjupar:

– Arbeidslivet blir meir og meir teknologisk og stillesittande. Ein vanleg arbeidstakar sit åtte timar framfor skjermen på jobb, før han går heim og fortset med å skrolle på telefonen. Om kvelden blir det gjerne nokre timar framfor Netflix. Eg trur det er sunt å variere arbeidsdagen med å gjere noko meir praktisk og jordnært. Eg kjenner meg i alle fall ganske roten etter å ha stira inn i ein skjerm heile dagen, forklarar ho.

Kodebonden

Balanse: Å kombinere stillesittande arbeid framfor skjermen med praktisk arbeid på garden, er ein nydeleg balanse, meiner Ada Elise Håberg.

Ville drive fram noko eige

Som trettenåring utvikla Ada Elise si første nettside. Då ho valde entreprenørskap som valfag på vidaregåande, var det fordi ho ein dag ønskte å drive fram noko eige. Vidare tok ho ein bachelor i Innovasjonsleiing og entreprenørskap ved Høgskulen i Ålesund (no NTNU), før ho bygde på med to års utdanning i frontendutvikling.

– Ønsket om å drive min eigen business og å jobbe kreativt låg heile tida i botn. Skape er vel stikkordet, smiler Ada Elise.

– Samtidig søkte eg fridomsfølelsen ved å vere min eigen sjef og lage min eigen arbeidsdag.

Nervepirrande business

Som sagt, så gjort. Samtidig som ho og sambuaren har bygd opp eit småbruk og fått to barn, har Ada Elise bygd opp si eiga bedrift. Gjennom Kodebonden.no tilbyr ho webdesign og webutvikling.

– Å bygge eigen business har tatt tid. Å få kundane til å bli merksam på deg og stole på deg er ein lang og krevjande prosess, seier ho, og understrekar at å vere gründer ikkje berre er fridomsfølelse og å vere herre over eige liv.

– Eg har køyrt på med nettverk og prøvd å vere der ute og by på meg sjølv. Plukka opp telefonen når det er stille periodar og prøvd å selje meg inn. Det er nervepirrande når du ikkje har oppdrag.

Utan binæring på garden måtte ho truleg hatt ekstrajobb:

– Det er først no, fire år etter at eg starta for meg sjølv, at nettverket til nettverket mitt har begynt å legge merke til meg. Endeleg har det begynt å løysne.

"Å vere gründer er ikkje berre følelsen av fridom"

kodebonden

Blir tvungen til å forlate skjermen

Men korleis kom småbruket inn i bildet?

– Eg vart saman med sambuaren min då eg var 16 år. Vi er begge frå gard, men tenkte ikkje på å bu slik då. Verdiane og minna frå eigen barndomen var nok med på å dra oss i denne retninga då vi vart vaksne, forklarar ho.

Saman tok dei over ein gard til nedfalls for ti år sidan i bygda Otnes utanfor Selje. Her driv dei med geit og sau, samt høner til eige bruk. I ein frodig kjøkkenhage dyrkar Ada Elise fram eigne grønsaker.

– Etter nokre timar med nørding framfor ein skjerm, er det heilt nydeleg å gå ut og jobbe i kjøkkenhagen. Og dyra treng meg, så på eit tidspunkt blir du tvungen til å forlate skjermen.

Fridomsfølelsen på topp!

Det er denne balansen ho likar så godt, og som ho meiner er nøkkelen til eit godt arbeidsliv. Medan kundar og webutvikling får fullt fokus første del av arbeidsdagen, ventar meir jordnære arbeidsoppgåver seinare på dagen. Ein solskinsdag utan deadline blir gjerne brukt fullt ute.

– Då er fridomsfølelsen på topp! Henda i jorda, lyden av fuglekvitter, praktisk arbeid og null skjerm, smiler ho.

For å ha det arbeidslivet ho ønsker, har kodebonden laga seg nokre reglar:

– Eg jobbar mest effektivt framfor skjermen mellom åtte og eitt, og etter fire svarar eg ikkje på e-post. Når eg er ute og jobbar, ligg mobilen att inne. Før hadde eg ei pulsklokke på armen, men alle varslingane plaga meg, så no er den også lagt vekk, ler ho.

Geitedrift i Selje

Når du har ansvar for dyr er du nødt til å vere ute. Heilt greitt, ifølge Ada Elise.

Ada Elise Håberg

Mobilfri sone: Ingen skjerm i fjøset. Her får dyra fullt fokus.

Rike på tid og ro

Å bu landleg, med berre to naboar og fjorden utanfor vindauget, passar ho og familien fint.

– Eg er sosial, men eg likar også å trekke meg tilbake. Tilgang på ro og natur er verdiar eg og familien min trivst godt med. Vi blir nok aldri rike på pengar, men eg vil heller ha tida enn pengane. Den der tida får du aldri igjen, avsluttar kodebonden.

Klar for ein jobb i Vestland?

Fleire saker