Siri Storesund Hansson kjem frå Haugesund, har studert i Tromsø og Stavanger og bur no i Førde. Foto: Privat
Siri Storesund Hansson har nyleg flytta til Førde. Der jobbar ho med å få studentar frå heile landet til å gjere det same.
I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.
Namn: Siri Storesund Hansson
Utdanning: Bachelor i Statsvitskap ved UiT og Journalistikk UiS.
Yrke og arbeidsgivar: Kommunikasjonsrådgiver, Høgskulen på Vestlandet
For meg er det ein dag der eg får vere kreativ, men også effektiv. Når eg jobbar godt med eit prosjekt der eg ser det går framover, skapar det mykje glede, og eg trivs mykje betre på jobben.
Det betyr alt. Eg er utruleg heldig å ha kollegaer som kan hjelpe meg når eg står fast. Det er aldri nokon som ikkje kan strekke ut ei hand, og det sosiale med god kommunikasjon gjer arbeidshverdagen mykje lettare og hyggelegare.
Siri jobbar med studentrekruttering for Høgskulen på Vestlandet.
Som kommunikasjonsrådgjevar er kameraet ofte med på jobb.
Det er fleire gonger eg har vore stolt, spesielt når eg ser at arbeidet mitt gir resultat. Eg blir også stolt av yrket mitt, spesielt journalistyrket, for det er ein så viktig rolle å ha i samfunnet. Og sjølv om eg ikkje jobbar som journalist lenger, er det eit yrke eg verkeleg er stolt av.
Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg trur kanskje eg ville jobbe med bokutgjeving. Altså i forlagsbransjen. Både bøker og lydbøker. Eg elskar å lese, og eg trur det hadde vore heilt fantastisk å kunne vere med og dele spennande, utrolige og viktige historier med resten av verda. Om ikkje det, kanskje skodespelar; eg heldt på med teater i 13 år, og det er alltid noko eg har likt å drive med.
Konkurranse, engasjement og mangfold.
Ikkje ta med deg arbeidet heim. Då føler eg at ein aldri har fri. Eg likar veldig godt å trene rett etter jobb for å få eit direkte avbrekk frå jobben. Og i helgene er det viktig for meg å kome meg ut av huset, om det er å gå ein tur eller møte venner.
Ikkje ta med deg arbeidet heim, er Siri sitt tips for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Det kjem heilt an på møtet. Om det er eit lite møte, er eg ofte ein engasjert deltakar, men i store møter der eg ofte har lite å tilføye, sit eg stille og observerer og får med meg informasjonen.
Du får mykje, alt frå storby til vakker natur. Og moglegheitene er mange, uansett kvar du er i regionen.
Det er litt vanskeleg å svare på, for eg har nettopp flytta til regionen, men eg må einno fremheve arbeidsplassen min, HVL. Dei jobbar hardt for å utdanne unge til Noregs framtid og legg vekt på utdanningar som vi verkeleg treng. Eg synest òg det er utruleg fint korleis dei har desentralisert skulen, slik at ein har moglegheit til å studere i distrikta.
Eg jobbar jo med studentrekruttering, og eitt av prosjekta eg jobbar med no er studenthistorier. Det å få reise rundt til ulike campusar og høyre historier om korleis studentane har det, og kva som gjer at dei valgte dette studiet. I tillegg får eg sjå så mykje av heile regionen når eg reiser rundt, og det er veldig spennande.
Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Praktisk.
Jobbe inne eller jobbe ute? Begge deler, spørs kva anledningen er.
Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke, kvar dag på jobb; om eg ikkje er ute og reiser, då kjøper eg ofte lunsj.
Ferie eller kvardag? Eg likar godt ferien, men etter ein lang ferie er det godt å kome tilbake til kvardagen.
Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Kreativt arbeid. Det gir meg mest energi.
Starte tidleg eller gå heim seint? Starte tidleg; eg er ein morgenfugl.
Leie eller bli leia? Bli leia, men eg likar òg å ta ansvar.