Marianne Fuglestrand

Nyheiter

Når ei aha-oppleving endrar alt

Etter ti år i Oslo lokka ein karriere i Sunnfjord. Her gir Marianne råd som kan endre karrierevegen din.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Marianne Fuglestrand

Utdanning: Bachelor og master i sosialantropologi frå UiB. Vidareutdanning i karriererettleiing frå OsloMet.

Yrke og arbeidsgivar: Karriererettleiar i Karriere Vestland (Vestland Fylkeskommune) i Sunnfjord. Opprinneleg frå Sandane.

Kan du skildre ein 10/10 arbeidsdag?

Det må vere at arbeidsdagen har ein kombinasjon av individuelle rettleiingssamtalar og kreative møte med kollegaene mine. I karriererettleiingssamtalar får eg mykje energi av å møte menneske som treng rettleiing om ulike problemstillingar. Vi jobbar også med tenesteutvikling i Karriere Vestland, og derfor er idémyldring og diskusjonar med kollegaer noko eg likar godt.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

For meg betyr gode kollegaer alt for trivselen min. Utan kjekke og støttande kollegaer blir arbeidsdagen kjedeleg, rett og slett. Det er også viktig å ha kollegaer som ein kan diskutere ulike faglege problemstillingar med.

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Når ein person i rettleiingssamtale med meg får ei aha-oppleving. Kanskje personen opplev situasjonen sin som fastlåst, men som etter å ha snakka med meg har oppdaga nye moglegheiter eller at hen har fått meir trua på seg sjølv og sine ressursar. Då opplever eg arbeidet mitt som nyttig og viktig.

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Eg ville kanskje vore lærer i vidaregåande skule, psykolog eller musikkterapeut. Det måtte uansett vore eit sosialt yrke der eg hjelper menneske på ein eller annan måte.

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Variert, spennande og omstillingsdyktig

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Ikkje ha Outlook appen på privattelefonen. Då er du ganske utilgjengeleg på fritida, og du får ikkje lyst til sjekke e-posten.

"Ikkje ha Outlook-appen på privattelefonen"

Marianne i Karriere Vestland

Kva rolle tar du i eit møte?

Eg likar å lytte før eg snakkar. Kollegaene mine vil nok seie at eg deltar aktivt, men utan å overstyre møtet.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Konkurransen om jobbane (spesielt på dei mindre plassane i Vestland) er mindre enn i dei store byane. Derfor er det kanskje lettare å få ein jobb ein verkeleg ynskjer seg. Nettverk og kjennskap er viktig her, så tenk gjennom om du kjenner nokon som kan tipse deg om stillingar og spennande bedrifter i Vestland.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Eg er såpass ny innflyttar i regionen at eg ikkje har så god oversikt endå. Det eg kan seie er at eg heiar på at store statlege bedrifter er lokaliserte ute i distrikta, og ikkje berre i dei store byane.

Fortel om det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Vi har nyleg utvikla webinar for ukrainske flyktningar i Vestland. I webinara skal vi snakke om det å finne jobb i Noreg. Vi er spente på gjennomføringa og mottakinga på desse webinara.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid: Gjerne ein kombinasjon

Jobbe inne eller jobbe ute: Jobbe inne

Matpakke eller kjøpe lunsj: Kjøpe lunsj

Ferie eller kvardag: Ferie på ein varm og eksotisk stad

Kreativt arbeid eller rutinearbeid: Ja takk, begge deler

Starte tidleg eller gå heim seint: Starte tidleg

Leie eller bli leia: Bli leia

Fleire saker