Kva får ein albanar i Hardanger til å kjempe for norske sjukepleiarar sine rettigheiter?
– Herregud, korleis skal eg overleve her?
Kastriot Prenga er sjukepleiar og har flytta frå Albania til Norge. Etter ei stund i Norge har han fått tilbod om jobb ved sjukeheimen i Utne. Men det er mørkt og regnfullt, og plassen er så liten. Kor lenge vil han halde ut?
Lenge, skal det vise seg. Etter 15 år i Ullensvang er han her enno.
– Eg trivst så godt! Det viste seg at miljøet var godt både på jobben og på fritida – og så er det jo utruleg vakkert her! Spesielt når sola skin.
Kastriot bur med kone og tre barn på Aga i Ullensvang kommune. Med tre små born synest han det er vanskeleg å svare på kva han gjer på fritida, for har han eigentleg det? Etter litt tenketid lyser han opp:
– Eg likar å fiske og gå fjellturar, smiler han og ramsar opp ruter han har gått – også Trolltunga.
– Men det er ikkje Trolltunga som skal få folk til å bli her. Det er korleis nye innbyggarar blir tatt imot på jobb og i lokalsamfunna.
Kastriot starta sjukepleiarkarrieren i Albania. Der opplevde han yrket frå både sjukepleiarsida og som direktør for eit stort helsesenter. Etter at han flytta til Norge, har han jobba som helsefagarbeidar, sjukepleiar og fagleiar, samt vore hovudtillitsvalt i Ullensvang kommune og medlem i fylkesstyret for Norsk Sykepleierforbund.
– Eg har vore opptatt av sjukepleiarar sine rettigheiter i lang tid, både frå arbeidstakar og arbeidsgivar si side.
Og det er ikkje tvil om kva som står i fokus: vilkår, løn og rettar for dei tilsette.
– Vi gjentar dei same feila igjen og igjen: Slitasje, dårlege turnusar og turnover. Vi går i feil retning, samtidig som helsevesenet skrik etter kvalifisert personell. Då eg flytta til Norge, trudde eg det var betre vilkår her, men det viser seg at yrket slit med dei same utfordringane – til og med i verdas rikaste land!
"Eg vil bidra til ei god løysing på helsepersonell-mangelen."
Dette ville Kastriot gjere noko med. I 2023 bestemte han seg difor for å opprette eit rekrutterings-og bemanningsbyrå som tenker nytt og er kostnadseffektivt, samtidig som det leverer kompetent helsepersonell til ein lågare pris.
– Eg vil bidra til ei god løysing på helsepersonell-mangelen. Eg ønsker å tilby høg kvalitet til helsevesenet, samtidig som arbeidarane får betre lønn og arbeidsforhold.
Han er lei av å ikkje nå fram i dei ulike verva han har hatt:
– Eg vil ikkje bruke karrieren på å kjempe evigheitskampar i fagforbund. Då vil eg heller løyse utfordringane på ein annan måte.
Sjølv om kommunane har stort behov for helsepersonell, og brukar millionar på vikarar, har Kastriot møtt mykje motstand sidan oppstarten:
– Det sit langt inne for kommunane å tenke nytt. Eg veit ikkje om det er mangelen på kapasitet, kunnskap eller engasjement. Alle veit at det er dyrt og tidkrevjande å leige inn vikarar og lære dei opp. Vi leiger ikkje ut vikarar, men tilbyr kompetent personell til faste stillingar.
Kundegruppa er hovudsakleg små og mellomstore distriktskommunar.
– Det er lettare å komme i kontakt med små kommunar og få oversikt over kva behov og økonomi dei har.
Stjernebemanning rekrutterer frå ulike land i Europa, som Polen, Spania og Litauen. Ifølge Kastriot er det overraskande mange som ønsker å jobbe i ein liten kommune i Norge:
– Alle snakkar om dei store kommunane og byane når det er snakk om arbeidsinnvandring. Det er jo masse betre å komme til små kommunar! Her er det billegare å bu, betre arbeids- og lønsvilkår og mykje vakrare. Det er til dømes mange som ønsker seg til Hardanger.
Og dei orda kan han stå inne for. Sjølv har han budd i både Oslo og Bergen, men måten han vart tatt imot på i Utne, var ein viktig grunn til at han vart verande.
– Sjukeheimen i Utne tilbydde meg fast jobb og viste at dei satsa på meg. Eg vart tatt godt imot, verdsett og fekk betre lønn enn i Bergen. Det er slike kommunar og leiarar eg ser etter og ønsker å tilby Stjernebemanning sine tenester til.
"Eg er sikker på at det er behov for Stjernebemanning"
Framover vil han bruke tida si på å overtyde kommunar om at dette er det beste tilbodet dei vil få. Så sikker er han, at han har sagt opp si faste stilling.
– Mangelen på helsepersonell er så stor at eg er sikker på at det er behov for Stjernebemanning. Å kjempe for helsepersonell sine rettigheiter gir meg energi. Dette skal eg få til, avsluttar Kastriot.