Lærarjobb Førde

Nyheiter

Åselena fann lærarjobben ho ville ha i Førde

Åselena Vårdal (32) trudde det skulle bli vanskeleg å få ei fast stilling som nyutdanna yrkesfaglærar. I Sunnfjord får ho jobbe som kontaktlærar på splitter ny storskule.

«To år i Førde og vakre Sunnfjord. Angre ikkje på at eg takka ja til fast stilling her. For ei som like nye utfordringer var det perfekt og flytta ein plass uten og kjenne någen. Så mange fine og gode folk eg har fått blitt kjent med. Tusen takk til alle jentene som tok så godt imot meg. Meir inkluderende folk trur eg aldri eg har møtt. Enormt takknemling.»

Teksten er henta frå Åselena sin Instagram-profil med bilde av ei ung jente som sit åleine på eit berg med utsikt frå Orkja i Jølster. Sjølv om det ikkje var intensjonen, er dette innlegget eit klassisk agn til Framtidsfylket.

Orkja i Jølster

Kjente ingen

– Då eg såg den ledige stillinga i Førde var eg både skeptisk og litt negativ. Skulle eg verkeleg flytte til ein ukjent by utan å kjenne nokon?

Åselena kjem frå Talgje i Ryfylke. Etter fire år med utdanning og jobb i Oslo, og eit år i ei midlertidig lærarstilling i Bergen, såg ho etter fast stilling.

– Eg kan jo berre søke og sjå kva som skjer, tenkte ho.

Åselena enda med eit tilbod om fast stilling som kontaktlærar på helse og oppvekst vg1 ved det som no heiter Førde vidaregåande skule, og bestemte seg for å gi byen ein sjanse.

"Tilgangen til ein aktiv livsstil er unik i Førde"

Åselena på fjellet

Oversiktleg by

Og førsteinntrykket av Førde?

– Eeh, ja sei det, smiler ho på klingande stavangerdialekt.

– Det gjekk i alle fall fort å få oversikt over byen. Her er kort veg til det meste, og det likar eg.

Sjølv om det var kjipt å seie farvel til storbylivet, var det ei anna interesse ho var ganske gira på. Du veit det som alle nemner når dei blir bedt om å seie noko fint om Sunnfjord.

– Friluftslivet, gliser Åselena.

Nydeleg!

Interessa var der før ho flytta til distriktet, men den har fått større plass dei to åra ho har budd her.

– Eg har alltid vore aktiv og glad i naturen, men aldri budd på ein plass med så god tilgang. Tilgangen til ein aktiv livsstil er unik i Førde. Her får eg utforske fjella, gå toppturar med randonée, langrenn på Langeland, telte med nydeleg utsikt, besøke klatrehallen eller trene crossfit. Seinast i går jogga eg meg ein tur rundt Bekkjavatnet. Nydeleg, smiler ho.

fjelltur ski Vestland
Storehesten


Om du berre kjenner éin


Men korleis er det å etablere seg på ein heilt ny stad?

– Faktisk, då eg etterlyste ein stad å bu i ei lokal Facebook-gruppe, var det ein kjenning av meg som tok kontakt. Han har inkludert meg i nettverket sitt, og eg har blitt kjent med fleire. Eg trur det er nok – at du berre kjenner éin. Eg har også blitt kjent med andre tilflyttarar, og er medlem i U40-nettverket.

Får jobbe på ny skule

Åselena stortrivst som lærar på Førde vidaregåande, og det er ekstra kjekt å få jobbe på ein splitter ny storskule.

– Med nye, flotte lokale er det ekstra kjekt å gå på jobb. Storskulen har også gitt meg mange nye kollegaer.

– Og mange nye rom og dører, legg ho til og ler.

Men best av alt er arbeidsoppgåvene:

"Distriktet er flinkare til å satse på nyutdanna"

Åselena

Givande å jobbe med ungdom

– Å jobbe med vidaregåande elevar er veldig givande. Eg møter mykje kjekk ungdom og synest det er ein interessant alder å jobbe med.

Når ho no tar til på sitt tredje år i Førde, veit ho at ho i alle fall blir eitt år til – og kanskje eitt til og eitt til.

– Jobb er viktig for meg. Det er vanskeleg å få fast jobb som yrkesfaglærar i dei største byane når du er fersk i arbeidslivet. Distriktet er flinkare til å satse på nyutdanna. At eg fekk sjansen her gjer nok til at eg blir ei stund. Kanskje gror eg fast i Førde, undrar ho og legg til:

– Men det er ikkje noko negativt altså, for eg likar meg godt.

Ute lokkar seinsommaren med sol og dei siste lyse kveldane. Åselena er ivrig etter å utnytte ettermiddagane.

– Eg trur kanskje eg blir i Sunnfjord til eg har kryssa av alle fjella eg vil besøke. Men då blir eg vel her for alltid, ler ho.

Er du klar for fast jobb i distriktet? Sjå ledige stillingar her.

Fleire saker