Seline Larsen

Nyheiter

Seline har hatt ei vill reise i Måløy Vekst

Seline har aldri jaga etter ein karriere. Likevel enda ho opp med det mange drøymer om: Ho stortrivst på jobb!

Seline Larsen er kommunikasjonsrådgivaren i Måløy Vekst. Ho har skrive månadens Karriereprat for oss. Enjoy!

Eg har hatt den same adressa registrert 96% av livet mitt. Midt i fjellsida som utgjer Måløy har eg motteke posten min stort sett heile livet. Eg vaks opp her, hadde adresse her medan eg studerte og har no flytta tilbake og teke over barndomsheimen.

Seline Larsen Måløy
Seline Larsen Måløy

Kom seg til Bergen og ein tur innom Førde

Det var aldri sånn at eg var heilt bestemt på at eg skulle flytte heim, men eg tenkte at eg ønska å ende opp i Måløy. Kva tid var ikkje så viktig. Eg ville sjå kor livet tok meg først. Då såg eg eigentleg for meg at eg skulle både studere og jobbe ute i den vide verda før eg snudde snuten heim. Eg kom meg faktisk heilt til Bergen og til og med ein tur innom Førde.

Ikkje så dumt med TV-produksjon

Eg hadde eigentleg aldri nokon spesifikk draum om kva eg ville bli «når eg blei stor». Ofte tenker eg at eg ikkje er «stor» enda, men når eg no er blitt så gammal at eg ikkje lenger er pålagd å vise fram legitimasjon uoppmoda på vinmonopolet, er det vel berre å innsjå kva veg det går. Uansett – målet har aldri vore å bygge ein karriere, men å få meg ein jobb eg trivst i. Tvilen tok meg først gjennom studiespesialiserande på vidaregåande. Utan eit snev av aning om kva eg skulle studere og av grunnar eg eigentleg ikkje kan sette fingeren på, hamna eg til slutt på ein bachelorgrad i TV-produksjon. Men eg fekk etterkvart sjå at det ikkje var så dumt.

Nynorsk mediesenter Seline Larsen

Seline har hatt praksis i NRK Vestland og Nynorsk mediesenter. Her fekk ho blant anna prøve seg som reporter.

– Ho her skal vere med

Ein praksisperiode under studiet tok meg til Førde og det som i 2019 framleis heitte NRK Sogn og Fjordane. Der fekk eg verkeleg kjenne på rykke-foten og spenning som fotograf og redigerer for TV-saker til Vestlandsrevyen. På tredje dagen i praksisperioden tok ein vaktsjef tak i meg og leia meg inn på kontoret til Nynorsk mediesenter. «Ho her skal vere med i kullet til neste haust». Og rett fekk han. Eg flytta inn på hybelen allereie i juni i 2020. Eg fekk notert både sommarvikariat, eit halvt år på Nynorsk mediesenter og to månadar med journalist-vikariat på CV-en før tida mi i «Vegkrysset» (jmf. Julianne Flølo sin artikkel) var over.

Podcastproduksjon

Seline tok initativ til ein podkastserie som tok for seg historier og opplevingar frå nyttårsorkanen i 1992.

Laga podcastserie om orkan

Eg reiste heim, flytta inn i barndomsheimen min og byrja å jobbe i lokalavisa, Fjordenes Tidende. Der fekk eg eitt og eit halvt år med full tillit til å komme med både større og mindre skremmande idear. Ein podkastserie i 3 episodar som tok for seg historier og opplevingar frå nyttårsorkanen i 1992 vart babyen min som eg fekk både tid og ressursar til å oppfostre til eit lytteferdig produkt. Eg har alltid vore heldig å jobbe saman med menneske som brenn for det dei driv med, men gjengen i denne lokalavisa er eksepsjonelt positive, kreative og støttande.

Eitt einaste avslag – og det var frå Framtidsfylket

Eigentleg har eg segla relativt lett gjennom livet når det gjeld jobb og karriere fram til no. Eg vore så heldig at eg kun har fått avslag på ein av jobbane eg har vore til intervju for. Morosamt nok var det faktisk i Framtidsfylket. Du må ikkje tru at eg er bitter for det altså – for det har likevel ordna seg på beste måte. (Kanskje vi er litt bitre? 😄)

Kommunikasjonsrådgjevar + arbeidsstad Måløy = perfekt!

Hausten 2022 fekk eg meg enda ein periode i NRK, men denne gongen på lokalkontoret på Nordfjordeid. Undervegs i vikariatet tikka det inn ei melding i innboksen frå ein tidlegare kollega i lokalavisa: «Måløy Vekst skal tilsette kommunikasjonsrådgjevar og du må søke!». Eg skreiv søknad, ringde dagleg leiar for å melde mi interesse og vart kalla inn til intervju. Ein dag eg køyrde til jobb svirra tankane i hovudet, og eg lurte på om eg hadde gjort det eg kunne for å verkeleg ha ein sjanse for å få tilbod om jobben. I lunsjen kom telefonen og eg sa ja med ein gong. Stilling: Kommunikasjonsrådgjevar + arbeidsstad Måløy = perfekt! Første arbeidsdag: 1. desember 2022. No sit eg her 8 månadar seinare. Eg hadde inga aning om kva eg hadde i vente.

Måløy Vekst tilsette

Måløy Vekst byr på kjekke kollegaer og ein svært variert arbeidskvardag.

Skapar moglegheiter i Måløy

Det aller kjekkaste med jobben min er at eg får vere med på å jobbe fram moglegheiter og tilbod som gjer at Måløy kan bli ein enda betre plass å bu og jobbe. I år har vi starta å jobbe med eit konsept for eit sosialt nettverk for unge vaksne, som eg trur vil verte ein stor suksess. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølve 

Det er utruleg motiverande å jobbe saman med så dyktige og kunnskapsrike folk som ein finn i Måløy Vekst. Med eit så breitt spekter av prosjekt, arrangement, påverknadsarbeid og anna ein jobbar med i dette selskapet, er ein nok avhengige av folk som også kan spele kvarandre gode, og den støtta kjenner eg på kvar dag.

Måtte finne fram passet

Eg hadde aldri trudd at å jobbe i Måløy Vekst (merk at det står faktisk Måløy i namnet) skulle ende opp med at eg måtte finne fram passet mitt. Men jaggu fekk eg feil. Då eg byrja i jobben vart eg også engasjert i eit av prosjekta – drift av Måløy Adventure, eit reiselivsselskap retta mot cruiseaktiviteten i Måløy. Eg skulle drive med kommunikasjonsarbeid og marknadsføring. Så balla det bokstaveleg talt på seg.

"Reisa har vore heilt vill"

Cruise Nordfjord adventure

Ansvar for 50 lokale guidar

Med kontrakt som utfluktsagent for eit av verdas største cruiserederi måtte vi tilsette lokale guidar. Plutseleg sat eg med personalansvar for nærmare 50 personar, eit ansvar eg aldri hadde sett for meg at eg kom til å sitte med. Men det er utruleg gjevande å få vere med på denne reisa. Måløy Adventure har allereie lukkast med å finne ei løysing på korleis ein kan auke lokal verdiskaping knytt til cruiseaktivitet, og reisa dit har vore heilt vill. I mai gjekk turen til MSC Cruises sitt hovudkontor i Sveits og om litt over ei veke reiser vi til Hamburg på cruisemesse.

Ikkje større ambisjonar enn trivsel

Etter to veker i Måløy Vekst sa eg til eit familiemedlem at eg trudde eg hadde funne draumejobben. Det trur eg eigentleg framleis. Det er vanskeleg å presist sette fingeren på kvifor, men eg får vere kreativ, jobbe med fantastiske folk og ein meir variert arbeidskvardag skal ein leite veldig lenge etter. Eg har ikkje større ambisjonar enn dette – å ha ein jobb eg trivst i.

Utsikt Vågsøy
Seline Refviksanden

– Ok, no forstår eg

Då eg bestemte meg for å flytte heim til Måløy fekk eg eit spørsmål frå ei god veninne: «Kvifor kan ikkje du bli igjen i Førde, iallfall litt til?». Eg tok ho med til Måløy og køyrde ho rundt på øya. Då vi sto og såg utover havet på Kråkenes fyr sa ho: «Ok, no forstår eg».

"Eg tok ho med til Måløy og køyrde ho rundt"

Kråkenes Fyr

Fleire saker