Helene Halsos

Nyheiter

Turglede vart jobb

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Privat

Kva gjer du når Vestlandsnaturen lokkar, men du ikkje har forutsetningar for dei brattaste fjella eller lengste turane?

– Naturen er meir enn å slite seg opp på ein topp for å så rusle ned igjen. Fleire burde prøve å berre vere.

Helene Rønningstad Halsos blir stille ei stund før ho utdjupar:

– Senke skuldrane, drikke ein kaffikopp, stire inn i bålflammane. Ikkje noko meir enn det.

Ho veit kva ho snakkar om. Ho har prøvd begge deler. I dag jobbar Helene fulltid med å kartlegge lågterskelturar i Sogndal kommune. Kvifor akkurat ho er den perfekte kvinna til å leie prosjektet, skal du snart få lese meir om.

Superspreke Sogndal

27-åringen frå Stange i Innlandet peika seg tidleg ut Sogndal som staden ho ville bu. Den ville Vestlandsnaturen lokka og tettstaden var akkurat passe stor og triveleg for studiar og jobb. Heile livet har ho elska naturen, men på same tid frykta den. Var det ikkje litt skummelt det der friluftslivet?

– Det handla mest om at eg ikkje visste heilt korleis eg skulle gripe naturen an. Mange assosierer friluftsliv med høge fjelltoppar, ekstrem natur og fysisk krevjande turar. Eg har først og fremst eit ønske om å kose meg ute og nyte naturen, men har likevel jaga min del toppar, ler ho.

Då ho flytta til Sogndal oppdaga ho at mange hadde ei oppfatning om at ein må vere supersprek for å bruke naturen i Sogn.

– Det er ein av tinga Sogndal er mest kjend for: bratte fjell og høge toppar. At naturen berre er for dei superspreke er sjølvsagt ikkje riktig, men det kan vere vanskeleg å finne like god informasjon om lågterskelturane.

Ein tøff periode

Helene brenn for at alle skal komme seg ut i naturen, også dei som har funksjonsnedsetting. Ho fekk sjølv smerteleg erfare at det kan vere utfordrande å ta seg fram i naturen då ho skada seg og vart kronisk krykkebrukar.

– Etter ein stygg skade for seks år sidan fekk eg CRPS. Det er ein sjeldan sjukdom du kan få etter fysiske traume, forklarar ho.

Ei feilkopling i nervesystemet førte til store smerter og Helene vart difor avhengig av krykker i ein lang periode. Krykkene tvinga ho til å tenke nytt rundt friluftslivet.

– Før skaden handla det mest om den toppen. No er det turen som er målet.

Ho fortel om ein tøff periode i livet etter skaden, og at den lærte ho å ta i bruk ressursane som ligg i naturen.

– Ikkje berre fysisk. I det fri kan følelsane få rom, og det har vore godt for den psykiske helsa mi.

På mange måtar meiner ho skaden har vore ei gåve.

– Eg har lært meg å sette pris på friluftslivet på ein heilt ny måte. Gode venner har tatt meg med på korte, tilgjengelege turar og lært meg meir om livet ute i det fri. No nyt eg det å berre vere ute, og eg har stor glede av å til dømes lage mat i naturen. Det er mykje du kan gjere utan å gå langt eller bratt.

Turglede Sogndal

Helene deler turtips og opplevingar på instagramkontoen sin helenoglouis

Erfaringa gav jobb

Etter fleire år med sjukdom har Helene utruleg nok opplevd betring. Sjølv om legane hadde lite håp om det, er ho i dag utan krykker.

– Eg er tilnærma frisk i dag, men treng opptrening. Erfaringa som krykkebrukar i naturen er verdifull, så den tar eg med meg vidare.

Det gjer ho blant anna i prosjektstillinga Helene har i Sogndal kommune. Ein kompis av Helene pitcha prosjektet til kommunen, og med midlar frå BUFDIR fekk ho jobben med å kartlegge lågterskelturar. Her samarbeider ho blant anna med DNT.

– Kommunen har eit mål om at innbyggarane skal kunne nytte seg av naturen uansett nivå. Min jobb er å kartlegge det som allereie er eller har potensial for å bli lågterskel og universelt utforma stiar. Vidare må vi finne ein god måte å få ut informasjonen om desse tilboda på, fortel Helene.

Helene Halsos

Vil fjerne barrierar

For ho er det viktig å motivere alle dei som ikkje kan eller har lyst til å nå dei høgste toppane eller drive med ekstremsport.

– Eg håpar jobben som no blir gjort vil gjere det lettare for folk å vere ute i naturen. Alle burde få oppleve gleda med friluftsliv og kjenne på roen du får i det fri.

Ho meiner vi må hindre barrierar som hindrar folk i å vere ute, og at også dei med funksjonsnedsetting skal få oppleve utsikt frå ein stad utan asfalt. Ein rasteplass tett på bilvegen er ikkje godt nok.

– Ein godt tilgjengeleg samlingsplass er draumen. Eit utsiktspunkt med gapahuk og bålplass for rullestolbrukarar, der ein verkeleg kan kjenne på friluftslivet, hadde vore fantastisk, fortel ho engasjert.

Kremjobben

For Helene er dette kremjobben. Ho elskar å vere på tur og synest det er interessant å snakke med innbyggarane om kva behov dei har. Utdanninga innan interaksjonsdesign og universell utforming kjem godt med.

– I juni skal eg på tur med folk som har funksjonsnedsetting eller andre behov som gjer det utfordrande å ferdast i naturen. Eg gler meg til å tenke nytt saman med dei og lytte til innspel og idear.

Prosjektstillinga er etter planen ferdig i oktober, men Helene har mange tankar om vegen vidare.

– No har vi brukt god tid på innsiktsfasen og jobbar med å kartlegge turar. Vidare må vi skildre turane og gjere informasjonen om dei lett tilgjengeleg.

På spørsmål om ho kan anbefale andre kommunar å kartlegge lett tilgjengelege turar, er ho ikkje i tvil:

Ønsker fleire ut på tur

– Absolutt. Om heile landet hadde ein felles metodikk og ein mal for korleis kartlegge og gjere tilgjengeleg lågterskelturar, er eg sikker på at mange fleire hadde kome seg på tur. Brattare, høgare og fortare er ikkje for alle.

Som naturelskar og tidlegare krykkebrukar har Helene erfart at funksjonsnedsetjing ikkje treng å vere hinder for å komme seg ut og nyte friluftslivet.

– Eg brenn for at folk skal vere ute, berre for å vere ute. Då er det viktig med eit tilbod til alle, avsluttar Helene.

Kaffi på bål