Finn drømmejobben

Karriereprat

– Eg fekk jobben! Eg skal flytte tilbake til Florø

Venninne (anonym grunna forutintatte haldningar): – Tar du den? Kva er det eigentleg å styre med der oppe? Blir jo helt krise å forlate Bergen!

Dette var ein samtale med ei venninne på universitetet i Bergen, rett før siste eksamen i fjor. Min start på universitetet kom seint. Etter vidaregåande tok eg valet om og reise på fiske medan klassekameratane reiste til Bergen, seinare gjekk ferda til utlandet for skule og arbeid. Då eg endeleg begynte på universitetet jobba eg offshore på oljeplattform med store tankar om å studere i friperiodane. For å være heilt ærleg blei det studiar, men kanskje meir reising i fri periodane. Etter «oljekrisa» og nedbemanningane offshore, blei eg fulltidstudent, og no, fire år seinare var det herleg å gå ut av UIB med studiane i boks og endeleg søke seg ein stabil jobb.

Fant drømmejobben

Etter å ha budd i USA, og etter eit skamfullt forbruk av flyreiser for å oppleve verden, var det ikkje heim til Florø eg hadde tenkt meg med det første. Men så dukka den opp då, den stillingsannonsar som prosjektleiar innan havbruk hos Aksello i Florø. Den var jo berre alt for spennande til å ikkje søke på! Erfaringane mine frå før dreidde seg hovudsakeleg om fiskeri frå tida mi om bord på kystnotfartøyet M/S Bluefin.

Finn drømmejobben

Nokon gongar som fast tilsett andre år som vikar mens eg studerte. Som oppvaksen på ei lita øy utanfor Florø er ein godt kjent med kva som rører seg i dei ulike næringane i havgapet. På grunn av nærleik til havet kan ein kanskje kalle det ei naturleg interesse. På ei anna side har det vist seg at havbruksnæringa var mykje meir. Eg fekk jobben og læringskurva har vore bratt stigande.

Det som har blitt særdeles klart for meg er at ikkje eingong vi som kjem i frå regionen Sogn og Fjordane eller Nordre del av Vestland fylke, om du vil, er klar over alle moglegheitene ein har her i regionen og omfanget av dei verdiane bedriftene her klara og skape. Kor enn eg snur meg er det nokon som anten prøvar ut noko nytt eller er verdsleiande innan det som dei driv med. Om ein er så heldig å få vere ein del av desse bedriftene, kan ein få ansvar og moglegheiter ein berre kunne drøymt om i eit liknande selskap i ein større by.

Desse flinke, innovative og hardtarbeidande kvinnene og menna i regionen opptatte av å får hjula til å gå rund, til å arbeide. Dette har gjort at dei nokon gonger gløymer å gjere det som dei er veldig flinke på i byane- synleggjering av kva ein driv med og kva verdiar ein skapar. I eit fylke som har den lågaste arbeidsløysa i landet (1,4 % ) skrik ein etter kompetente folk. Men slike som venninna mi i Bergen har ikkje blitt fortalt om dei moglegheitene som ligg her i regionen og kva arbeidsplassar ein har. Etter eg kom tilbake vel eg å snu på det, for kva er det eigentleg ein ikkje kan gjere her oppe?

Finn ledige stillinger hos Framtidsfylket.no

I min arbeidskvardag no er eg så heldig å få jobbe med eit knippe av desse fantastiske bedriftene. Havbruksprosjektet Blå horisont 2030, er eit samarbeidsprosjekt for havbruksnæringa i regionen. Her skal ein jobbe saman for å nå FN sine berekraftsmål. Ein av dei tinga eg ønsker å jobbe med der er å synleggjere det arbeidet som blir gjort. Vise kor gode dei er på grøne løysingar i regionen og at dei tek dei områda kor ein har utfordringar på alvor og jobbar for forbetring. Om små og store aktørar samlar seg, kan ein få til mykje. Innovasjonskrafta er stor og det er fleire moglegheiter for dei som ønskjer seg jobb i dette fylket.

Eg stortrivst i min nye jobb. Som menneskje veks ein med ansvar, og når ein kan til stadigheit lære noko nytt, veit eg at dette er ein arbeidsplass og stad for meg. Kanskje det er det for deg og? Venninna mi i Bergen er framleis ikkje overbevist på at Sogn og Fjordane er plassen for ho. Sjølv om eg likar å gå i fjellet og stå på ski og har uante moglegheiter for naturopplevingar rett utanfor døra i vår region, er ikkje det nødvendigvis for alle.

Ledige stillinger

Då er det vertfall godt å vite at ein har kulturarenaer som Vesle kinn, kor eg, på den vesle tida eg har vore heime igjen har vore på konsert med Skambankt og Stein Torleif Bjella i fulle lokalar, men likevel på intimkonsert. Det å kunne gå ut å ete ein betre middag på dei lokale restaurantane eller bere poppe innom for take-away er og viktig. Festivalar som Våtmoro i Florø og Brattmoro i Sogndal bygger på dei naturgitte fordelane og nærleiken til naturen ein har.

Samstundes har ein fantastiske Utkantfestivalen på Skjerjehamn, Elvis festivalen i Måløy og folkemusikkfestivalen i Førde om ein heller vil bevege seg til rytmar enn oppover ein fjellvegg. Her har ein ulike ting på ulike plassar, men dei er ikkje lengre unna enn den tida det hadde tatt å sette seg på bussen for å komme seg til byn i Bergen (om det er litt rush). Her har man idyllen av naturen men og det urbane – om ein vil. Og flust av moglegheiter i arbeidslivet.

Det blei ingen krise å forlate Bergen.