Ingvild Helle Hagen GASTA

Nyheiter

Når god kommunikasjon gjer ein forskjell

Som digital marknadsførar jobbar Ingvild med alt frå festivalar til reiseliv.

I Jobbintervjuet får vi bli litt betre kjent med folk og arbeidsliv i Vestland.

Namn: Ingvild Helle Hagen
Utdanning: Master i samfunnskommunikasjon frå Universitetet i Agder, bachelor i medievitenskap frå Universitetet i Bergen
Yrke og arbeidsgivar: Digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon i Sogndal

Kan du skildre ein 10/10 arbeidsdag?

I kommunikasjonsbyrå jobbar ein ofte med mange kundar i løpet av ein dag – store og små, lokale og nasjonale. Det kjekkaste eg veit er når kunden har lyst å få til noko, gir meg tillit til å kome med forslag og løysingar, og at vi får ein felles entusiasme for at «yes, dette blir bra!». Ein god dag består gjerne av møte kor ein idémyldrar og diskuterer kva ein skal gjere, og så sjølve arbeidet med å setje marknadsføringa ut i live.

Kva betyr kollegaene for trivselen din?

Det er klart det er viktig! I Gasta synest eg vi har ein god miks av ulike folk, noko som er heilt nødvendig i den kreative bransjen. Eg pratar óg med mange kundar i løpet av ein dag, så dette ein sosial jobb.

Ingvild Helle Hagen

Kor tid er du stolt av yrket ditt?

Når kundane mine gjer det skikkeleg bra og eg ser at marknadsføringa fungerer. Til dømes når det kjem mange på arrangementet deira, når dei når ut med informasjonen sin eller klarar å skape blest rundt noko dei driv med. Då blir eg så gira, fordi god kommunikasjon kan gjere skikkeleg forskjell!

Om du måtte bytte yrke i dag, kva ville du ha jobba med?

Dette har eg tenkt på mange gonger, men aldri heilt funne eit godt svar på. Eg trur kanskje eg måtte gjort noko heilt anna, kanskje starte ein triveleg serveringsplass eller kreativ butikk?

Beskriv arbeidsmarknaden der du bur med tre ord:

Eg trur ikkje vi bergensarar er laga for å berre bruke tre ord, men eg prøver: Variert, kompetent, tilgjengeleg.

Kva er ditt beste tips for å balansere jobb og fritid?

Bestem deg for at fri er fri. Logg av, gjer noko anna, ikkje tenk på alt du skulle ha gjort. Du kjem tidsnok tilbake på jobb.

Ingvild Helle Hagen
Ingvild Helle Hagen

Kva rolle tar du i eit møte?

Det kjem heilt an på møtet. Eg er nesten alltid referent, fordi eg skriv fort og hugsar best når eg har skrive ned med eigne ord.

Om du skulle overtale nokon til å søke jobb i Vestland, kva hadde du sagt til dei?

Vakrare omgjevnadar finst ikkje, og så er det skikkeleg mykje bra folk her som vil få til kule ting. Det gjer at arbeidsmarknaden óg blir spennande. I Sogndal bur eg køfritt men urbant, med kort veg til alt.

Nemn ei bedrift eller ein arbeidsgivar i regionen din som du har skikkeleg trua på?

Eg jobbar med så mange forskjellige aktørar at eg synest det er vanskeleg å trekkje ut berre éin. Men eg synest det er kult at Sogndal har eigen høgskule, og veit kor viktig den institusjonen er for bygda. Og så er eg utruleg imponert over berekraftsarbeidet i Lerum, som eg har vore med på å kommunisere frå fabrikken her i Sogndal. Det er mange som gjer mykje bra rundt oss!

Fortel om det mest spennande du jobbar med akkurat no?

Som marknadsførar i byrå jobbar eg med mange prosjekt parallelt, og det er noko av det eg likar best med jobben. Akkurat no er det mange reiselivsaktørar som går inn i høgsesong, så det handlar mykje om digital synlegheit for dei - og så jobbar eg med fleire musikkfestivalar, som eg synest er veldig kjekt!

Ingvild Helle Hagen GASTA

Sogn er verkeleg eit eldorado for friluftsinteresserte. Her er Ingvild og hunden Une på tur på Amlaholten i Kaupanger.

Sju superkjappe:

Praktisk arbeid eller stillesittande arbeid? Stillesittande (høyrest det litt trist ut eller?)

Jobbe inne eller jobbe ute? Kvar gong sola skin er eg misunneleg på dei som jobbar ute i frisk luft, men på regndagar prisar eg meg lukkeleg for å jobbe på kontor.

Matpakke eller kjøpe lunsj? Matpakke dersom eg har baka brød (snikskryt!)

Ferie eller kvardag? Ferie – men ein treng kvardagar óg!

Kreativt arbeid eller rutinearbeid? Eg likar best ein balanse mellom desse to.

Starte tidleg eller gå heim seint? Gå heim seint (når eg ikkje må heim for å lufte hunden min Une).

Leie eller bli leia? Eg trivst i grunn heilt fint med å bli leia, men eg har ein tendens til å meine mykje uansett.

Fleire saker