Highsoft

Highsoft er blant bedriftene som ønsker nye folk med på laget denne månaden. Er du deira nye Senior Web Developer? (Foto: Highsoft)

Nyheiter

10 ledige stillingar i august

Klar for noko nytt? Vi startar august med ny, frisk giv og ti attraktive jobbar. Sjekk ut månadens stillingar!

Norconsult søker deg som vil satse i Sogn og Fjordane

Norconsult Sogn og Fjordane har omlag 80 tilsette fordelt på 7 kontorstader – Årdal, Gaupne, Nordfjordeid, Sogndal, Førde, Flekke og Sandane. No ønskjer dei fleire med på laget og søker både ingeniørar, rådgjevarar og leiarar:

Les meir

Vil du jobbe med lønn i Fjord1?

Set sjøbein og bli med ombord på Fjord1-skuta. Som lønnsmedarbeidar kan du forvente varierte oppgåver, utfordringar og rom for både personleg og fagleg utvikling. Her blir du ein av sju kjekke, positive og fagleg dyktige kollegaer i lønnsteamet:

Les meir

Førde Sementvare søker dagleg leiar

Ei av Sunnfjords største bedrifter ser etter nokon som kan leie bedrifta vidare. Førde Sementvare er eit solid selskap med stor satsing og dedikerte og dyktige tilsette:

Les meir

Førde Sementvare

Førde Sementvare søker dagleg leiar.

Highsoft søker senior web developer

Har du lyst til å jobbe i ei internasjonal teknologibedrift? Som utviklar i Highsoft får du utvikle tenester for verdsmarknaden i ein arbeidskvardag prega av fleksibilitet og tverrfaglegheit. Bli del av ein engasjert, dyktig og sosial gjeng i Highsoft:

Les meir

Rørlegger som vil jobbe i Sogndal eller Sunnfjord?

Skår VVS er eit av Vestlandets leiande rørleggerfirma, og søker no rørlegger/bas til både Sogndal og Sunnfjord. Bli del av eit solid og engasjert miljø med fagleg utvikling og varierte prosjekt:

Les meir

Normatic søker CAD/Konstruksjonsingeniør

Normatic held til på Nordfjordeid og er eit av Noregs leiande miljø på automatisert driftskontroll. No søker dei deg som har elektro eller automasjonskompetanse til å bli ein del av sitt konstruksjonsteam:

Les meir

Normatic ingeniør

Normatic på Nordfjordeid søker CAD/Konstruksjonsingeniør. Noko for deg?

Helse Førde søker seksjonsleiar – klinisk fysioterapi og førebygging

Har du grunnutdanning og erfaring som fysioterapeut i tillegg til leiarerfaring? Då kan denne jobben vere for deg. Som seksjonsleiar har du ei viktig rolle i helseforetaket med arbeidsoppgåver både på system- og individnivå:

Les meir

Er du Stryn kommune sin nye kommunalsjef for helse og sosial?

Klar for å ta på deg ei større leiarrolle, eller har du kanskje allereie erfaring frå liknande stillingar? Her får du stort handlingsrom og spennande leiarutfordringar i ein kommune i positiv utvikling og med godt omdøme:

Les meir

PwC søker deg som er nyutdanna hausten 2024

Er du ferdig utdanna innan økonomi, revisjon, rekneskap, finans eller liknande neste år, og vil starte karrieren i PwC i Sogn og Fjordane? Då er det no du skal søke. PwC tilbyr nyutdanna eit fullspekka onboardingprogram og personleg karriereutvikling, mellom anna:

Les meir

pwc nyutdanna

Som nyutdanna i PwC får du mange støttespelarar som sørger for at du får ein god start på karriereutviklinga. Søknadsfrist 20. august.

Brødrene Aa søker økonomi- og administrasjonsmedarbeidar

Er du glad i struktur og orden, og likar å hjelpe andre? Brødrene Aa styrkjer administrasjonen og ser no etter ein go to-person for store og små spørsmål på kontoret i Hyen. Om du ikkje allereie er det, vil du sannsynlegvis også bli ganske glad i båtar og tileigne deg ein del kunnskap om båtbygging i denne stillinga:

Les meir

Sjå alle ledige stillingar