Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Senior Web Developer | Highsoft AS | Vik | Fulltid |
Vår visjon er å vere førstevalet innan digital datavisualisering. I dag er Highsoft verdsleiande med solid marknadsposisjon, og vi utvidar no webteamet vårt. 99% av kundane våre er internasjonale, og vi skal bli endå betre når vi ønskjer dei velkommen på nettsidene og i nettbutikken vår. Difor treng vi deg som som er god på å programmere websider slik at kundar som Twitter, Samsung, Visa og BBC får den beste opplevinga i møte med oss. Vi nyttar teknologi som Node.js, React, PHP, MySQL, Amazon Web Services og Wordpress. Hovudsakleg er produktlina vår bygd på TypeScript.
Har du lyst å jobbe i ei internasjonal teknologibedrift og utvikle teknologi for framtida, så må du lese vidare!
Du vil rapportere til CTO og jobbe tett med resten utviklarteamet både i Vik, Bergen og i Polen.
Kontorstad er Vik i Sogn eller Bergen. Sogndal eller andre kontorstadar kan vurderast.
Ynskjer du meir informasjon er du velkommen til å ta kontakt med CTO Jørgen Tistel på telefon 971 32 057.
Søknadsfrist: 27. august 2023