Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Stryn kommune | Stryn | Fulltid |
Er du vår nye kommunalsjef i Stryn kommune som skal leie helse-, sosial- og omsorgstenestene inn i framtida?
Vår noverande kommunalsjef for etaten Helse og sosial sluttar 01.11.2023 og vi søkjer difor etter ny.
Stryn kommune har om lag 7250 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord omkransa av vakker natur med mange turmoglegheiter. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både industri og reiseliv er mellom dei fremste i landet på sine områder. Stryn kommune har rundt 750 tilsette fordelt på om lag 600 årsverk og er ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og behalde dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2022 kåra til den 14. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.
Vi veit at det vert auka behov for våre helse- og omsorgstenester i åra som kjem. Som kommunalsjef kan du påvirke korleis vi skal møte desse utfordringane på best mogleg måte. Du er med i kommunedirektøren si leiargruppe, og har det heilskaplege, overordna ansvaret for kommunen sine mangfaldige oppgåver. Du vil ha hovudansvaret for økonomi, personal og tenesteproduksjon innan eigen etat. Dette omfattar alle helse- og omsorgstenester, samt barnevern og flyktningteneste. Stryn kommune deltek i fleire interkommunale vertskommunesamarbeid der du vil vere kontaktperson og oppfølgingsansvarleg som samarbeidskommune. Dette gjeld mellom anna NAV, legevakt kveld og helg, krisesentertilbod og overgrepsmottak. Etaten har i tillegg Husbanksaker og sal- og skjenkesaker.
Vi søkjer ein kommunalsjef som er engasjert, med tydeleg service- og brukarorientering. Du er resultatorientert og ein god motivator og inspirator for organisasjonen med evne til å arbeide strategisk og strukturert – samt er synleg som leiar, og trivst i eit tverrfagleg miljø der du ønskjer å oppnå resultat i samarbeid med andre. Du må ha heilskapleg tilnærmingsevne, og forstå di rolle og ditt ansvar i tilhøve til menneska rundt deg. Du må stå på for tenesteinnovasjon og utvikling av ressursane du rår over.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt.