Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Lønnsmedarbeidar | Fjord1 AS | Kinn | Fulltid |
Sett sjøbein og bli med ombord på Fjord1-skuta!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi har ein visjon om å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Ein av våre dyktige lønnsmedarbeidarar har tatt steget og gått inn i stillingen som leiar lønn. Vi har derfor ei ledig stilling som vi ønsker å fylle med ein dyktig og initiativrik kollega som kan bidra til vidare utvikling av Fjord1.
Som vår nye kollega kan du forvente varierte oppgåver, utfordringar og rom for både personleg og fagleg utvikling. Vi er opptatt av å gi deg ein god start, og vil difor sikre både tett oppfølging og opplæring. I stillinga som lønnsmedarbeidar vil du bli ein av 7 kjekke, positive, og ikkje minst fagleg dyktige kollegaer i vårt lønnsteam. Fagområdet lønn ligg organisert under økonomiavdelinga, som totalt tel om lag 20 engasjerte medarbeidarar.
Som person har du eit godt humør og bidreg aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø for deg sjølv og dei rundt deg. Dine kollegaer opplev deg som ein lagspelar med høg arbeidsmoral og stor kapasitet. Du er nysgjerrig og lærevillig, og ønskjer endringar og effektivisering velkommen.