Fargerike og spennande arbeidsmiljø treng nye tilsette

Skriven 16.08.2019 under Nyheiter, Ukategorisert

Det gror godt i arbeidsmarknaden om dagen. No kan du mellom anna søkje på ei kul og utforandre stilling i Gosh pgp.

Ei av dei friskaste stillingsutlysingane i nyare tid finn du frå Gosh pgp AS. Dei ynskjer seg ein person som kan fungere som både seljar og nettbutikkansvarleg. Om du ønsker å jobbe med det fargerike firmaet på Fosshaugane Campus i Sogndal, anbefaler vi deg å søke. Elles er det lyst ut 17 andre jobbar denne veka.

 

I same bygd ynskjer Sogndal kommune seg ein dyktig medarbeidar som kan fungere som rådgjevar/ingeniør/yrkeshygienikar innan miljøretta helsevern. Stillinga er på 100 %.

 

Bravo Seafood har lokala sine i Norges vestligaste by. No vil dei ha ein ny Salgssjef VAP, som kan vere med å videreutvikle eit nytt foretningsområde. Send inn søknad om du har lyst å bli tilsett i eit sporty team kor du kan vere med å utvikle di eiga stilling

 

Aurland kommune treng ny styrar i Aurland Barnehage. Her kan du få vere med å planlegge korleis den nye barnehagen skal vere. Dermed kvilar det mykje spennande i stillinga for deg som har kompetanse som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning, som gjev barnefagleg og pedagogisk kompetanse.

 

Ynskjer du å jobbe innan barnevern? Gloppen kommune lyser no ut ei fast stilling som sakshandsamar i barneverntenesta i Gloppen.

 

Midt i hjartet av Førde finn du Lotteri- og stiftelsestilsynet. Dei er no på jakt etter deg som har kompetanse eller utdanning innan kommunikasjon. Ta ein kikk om du vil sjå meir om stillinga som kommunikasjonsrådgjevar/seniorrådgjevar.

 

Sognekraft AS er på leiting etter nokon som kan vere kundehandsamar i enten Vik eller Sogndal på kontorsenteret deira. Søk på stillinga om du også vil vere med å jobbe med fornybar energi og skape ei betre framtid.

 

I Sandane Sentrum er kontora til NAV Gloppen. Kanskje er du programrådgjevaren dei no treng? Her får du moglegheita til å jobbe i eit felt som stadig vekk er i utvikling, og friheit til å organisere din eigen arbeidsdag.

 

Sørvis og driftsstøtte – økonomiavdelinga i Luster kommune har ei ledig stilling som regnskapsmedarbeidar. Arbeidsstad er Gaupne og stillinga er på 100%. 

 

Er du utdanna psykolog? Sogndal kommune ønsker no ein ny tilsett som psykolog i ei fast stilling som kan ha jobbstad i saftbygda.

 

Nye Sogndal kommune er på jakt etter deg som kan jobbe som sakshandsamar innan bustad- og tildelingskontoret. Hovudoppgåvene din vil vere å jobba med forvalting av søknader om ulike helse og omsorgstenester.

 

Hyllestad kommune har sju stillingar utlyst denne veka:

 

– Den fyrste stillinga er på 100% som ergoterapeut. Her får du faglege og personlege utfordringar, og moglegheita til å vere med å gjere ein forskjell.

– Kommunen treng også ein fysioterapeut som kan jobbe i full stilling knytt til sjukeheimen. Her får du prøvd deg i ei rekke varierte arbeidsoppgåver.

– Stillinga som tenesteleiar omsorgstenesta – institusjon er lagt ut av kommunen sist veke. Stillinga er på 100 % og utgjer ein av i alt to tenestestillingar for omsorgstenesta.

To stillingar som sjukepleiarar i omsorgstenestene er opne for søknadar. Her kan du vere med å sørge for at brukarane av omsorgstenesta får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

– To fulle stillingar som vernepleiarar, kor ei av dei er med fagansvar, er tilgjengeleg i omsorgstenestene i kommunen. Du får moglegheita til å vere med å skape forskjell i eit inspirerande fagmiljø.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.