1000 søknader til årets traineestillingar

Skriven 03.03.2017 under Nyheiter

Framtidsfylket har fått inn 1000 søknader til årets 27 traineestillingar. Sogn og Fjordane Energi fekk 143 søkjarar til ei stilling.

– Vi har ein stor bunke av kvalifiserte, spennande søknadar, og sjølv om vi denne gongen gjekk breitt ut, er dette heilt fantastisk, seier Ole-Bent Søreide, konserndirektør HR- og organisasjon i SFE.

Heile 143 personar ynskjer seg jobb i kraftselskapet, som i årets utlysing søkte breitt innanfor fleire fagfelt. Fjord1 hadde 102 søkjarar, medan Sunnfjord Energi, Westcon og Coast Seafood hadde alle over 70 søkjarar til sine stillingar.

– Søkjarmengda er nok prega av dagens arbeidsmarknad, men vi trur også at folk ser på fornybar energi som eit spennande arbeidsområde, og at mange unge opplever det som meiningsfullt og framtidsretta. Folk er meir villige til å flytte på seg, og vi har søkjarar frå absolutt heile landet. Vi ser også at mange framhevar naturen i Sogn og Fjordane som ein tilleggsverdi, så ein spennande jobb kombinert med friluftsmulegheitene her trekkjer folk, seier Søreide.

Brei marknadsføring
Mediebruket i Førde er med som traineebedrift for første gong, og fekk 21 søkjarar til si traineestilling.

– Vi har fått svært kvalifiserte søkjarar, så vi kjem mest sannsynleg til å tilsetje to personar, seier Arild Nybø, dagleg leiar i Mediebruket i Førde.

Dei søkte i utgangspunktet etter ein trainee innan forretningsutvikling for digitale tenester, men leita samtidig etter kandidatar med kompetanse innan prosjektleiing og sal.

– Vi har fått søkjarar vi normalt ikkje ville fått. Framtidsfylket når mykje lenger ut enn kva vi hadde gjort åleine, og det har stor betydning for søkjarmassen. Traineeordninga er glimrande i seg sjølv, men spesielt bra for dei som ikkje er frå fylket. Ein får eit nettverk med dei andre traineeane frå dag ein, og gode nettverk er ein forutsetnad for at ein blir verande, seier Nybø.

Daglig leiar i Mediebruket, Arild Nybø, er strålande nøgd med sine 21 traineesøknader. Her saman med Gro Rukan, daglig leiar i Framtidsfylket.

 

Søkjarar frå heile landet
I søkjarmassen er ca 30 prosent frå Sogn og Fjordane,  medan 70 prosent kjem frå resten av landet.

– Vi har hatt svært stor pågang frå heile landet. Traineeordninga går no inn i sitt 14. år og er godt kjent blant dei unge. Når vi møter nyutdanna på karrieremessene, veit dei allereie om traineeordninga, og det er ofte hovudgrunnen til at dei kjem, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Årets 23 traineebedrifter søkte i alt etter 27 traineear. Eit tydeleg trekk er at bedriftene som søkte etter ingeniørar, har fått klart flest søkjarar. Rukan meiner også at ein usikker jobbmarknad er medverkande til det høge søkjartalet.

– Folk fortel om ein svært pressa jobbmarknad – spesielt for nyutdanna. Det gjer at dei må tenkje nytt og vere meir fleksible når dei søkjer jobb. Då skal Sogn og Fjordane vere klare til å vise dei kva fylket har å by på, fortel Rukan.

No skal verksemdene i gang med søkjarprosessen og finne sine kandidatar.

– Vi håpar at flest mogleg får full klaff med sine kandidatar, slik at det kjem 27 dyktige traineear til Sogn og Fjordane i august, seier Rukan.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.