Vi gjer arbeidslivet i Vestland kjent!
Framtidsfylket får fleire til å oppdage arbeidslivet i Vestland og velje fylket som stad å jobbe og leve. Har du spørsmål, innspel eller berre lyst på ein prat?
Dette er Framtidsfylket
Ved å synleggjere vårt varierte og attraktive arbeidsliv, styrkar vi Vestland som arbeidsregion. Samtidig legg vi til rette for gode møte mellom arbeidsgivar og arbeidssøkar. Målet vårt er at Vestland skal vere førstevalet for framtidig karriere. Gjennom eit leiande traineeprogram, målretta profilering av arbeidslivet, medlemstenester og arrangement, bidreg vi til at arbeidsgivarar får lettare tilgang på folk og kompetanse, og at fleire oppdagar karrieremoglegheitene i regionen.
422 traineear rekruttert sidan 2009
150 medlemar i bedriftsnettverket
150 000 besøker nettsida vår årleg

Slik jobbar vi
Arbeidet vårt er forankra i våre tre verdiar: Vi er rause, ved å dele kunnskap og løfte andre. Vi er skarpe, ved å vere oppdaterte og treffsikre. Og vi er ei drivkraft i å utvikle Vestland som arbeidsregion.
Ønskjer du å samarbeide med oss, eller nytte deg av våre tenester?
Kontakt oss


Kristine Slettehaug
Kommunikasjonsrådgivar
Tlf: 91 77 28 42
E-post: kristine.slettehaug@framtidsfylket.no


Solveig Rindal
Kommunikasjonsrådgivar (i permisjon)
Tlf: 48 06 22 07
E-post: solveig@framtidsfylket.no
Aktuelle saker
Følg med på det som rører seg i Vestland. Les traineehistorier, karrieretips og nyheiter frå heile regionen.
-

Sunnfjord vart augeopnar for Mikkel og Ayla
Først fekk Mikkel (28) ei traineestilling og flytta til Sunnfjord. Eitt år seinare gjorde Ayla (27) det same. No snusar sambuarane på småbruk.
-

10 ledige stillingar i september
Kva skjer på jobbmarknaden i Vestland akkurat no? Vi har plukka ut 10 ledige stillingar til deg.
-

Møt 23 nye vestlendingar
Klar for å helse på ein ny gjeng med traineear? Her er 2026-kullet.
