Slik hjelper vi deg

Ønsker du fleire søkarar på ledige stillingar? Vil du løfte fram det som gjer bedrifta di til ein attraktiv arbeidsplass? Og vil du nå ut til dei som er interesserte i jobb i Vestland? Då kan vi i Framtidsfylket hjelpe deg.

Våre tenester

Bli traineebedrift

Tilsett ein nyutdanna med driv og ny kompetanse. Anbefalt av bedrifter i Vestland gjennom 20 år!

Les meir om å bli traineebedrift

Ta del i nettverket

Som medlem blir du synleg for framtidas arbeidstakarar i Vestland og tilgang til eit unikt nettverk.

Les meir om medlemskap

Møteplassar

Møt jobbsøkarane på karrieremesse, få fagleg oppdatering på kursa våre eller delta på rekrutteringskonferanse.

Les meir om møteplassar

Employer branding

Kva er det som gjer nettopp din arbeidsplass attraktiv? Vi hjelper deg med å finne det og løfte det fram.

Ta kontakt

Stillingsannonser

Den gode stillingsannonsen kan bety alt. Vi hjelper deg med å finne gullet og utforme annonsen.

Ta kontakt

Rådgjeving

Korleis kan du bli betre på rekrutteringskommunikasjon? Vi har verktøyskassa og hjelper deg gjerne.

Ta kontakt

Få siste nytt om arbeidslivet i Vestland

Framtidsfylket er din rådgivar på rekrutteringskommunikasjon og alltid oppdatert på kva som rører seg i arbeidslivet i Vestland. I nyheitsbrevet vårt får du info om neste møteplasss, siste nytt om rekruttering og nyttige fagartiklar om HR, kommunikasjon og rekruttering.

Kven når du ut til?

Gjennom Framtidsfylket når du eit unikt publikum som allereie er interessert i Vestland og arbeidslivet her. Mange av dei er potensielle jobbkandidatar på jakt etter spennande miljø og attraktive arbeidsplassar.  

500 000 når vi ut til kvar månad

5000 nyheitsbrevabonnentar

700 søkarar til 25 traineestillingar i 2026

Derfor skal du vere medlem

Den støste fordelen med å vere medlem i Framtidsfylket, er at du som arbeidsgivar blir synleg for ei svært relevant målgruppe. Framtidsfylket har eit unikt nettverk av folk som er interessert i arbeidslivet i Vestland: jobbsøkarar, heimeflyttarar, tilflyttarar og dei som søker livsstilen du får i Vestland. Vår jobb er å gjere deg synleg til desse. Det gjer vi gjennom nettsida vår, sosiale medium, nyheitsbrev, artiklar, kampanjar og ulike møtestadar.

Som medlem blir du løfta fram i kanalane våre. Lang erfaring med rekrutteringskommunikasjon gjer oss til din rådgivar når du treng folk. Som medlem er du også sikra rabatterte prisar på karrieremesser, konferansar og andre møteplassar, samt tilgang på traineeprogrammet vårt. Men viktigast av alt: du blir synleg i ein kontekst som lettar rekrutteringsjobben.

Aktuelle saker

Hald deg oppdatert på arbeidsmarknaden og rekrutteringsnytt frå Vestland.