Sogn
I Sogn finn du spennande jobbar både i næringslivet og i ein sterk offentleg sektor, tett på spektakulær natur og leikne, aktive innbyggarar. Her står industri, fornybar energi, teknologi, utdanning, landbruk og reiseliv sentralt, og den lokale verdiskapinga er stor. Sterke fagmiljø gir deg sjansen til ein solid karriere i Sogn.

Sterke fagmiljø, nettverk og meiningsfulle jobbar
Arbeidslivet i Sogn er variert, innovativt og internasjonalt. Her finn du alt frå sterk satsing på industri, fornybar energi og teknologiutvikling, til reiseliv og ein viktig og mangfaldig offentleg sektor.
Kommunar, helse og utdanning spelar ei sentral rolle, og gir trygge jobbar med meiningsfylte oppgåver. Mange verksemder er mindre, noko som gir deg breiare ansvar og tettare samarbeid og påverknad frå dag éin. Samtidig er fagmiljøa sterke, med gode moglegheiter for utvikling. Nettverk på tvers av bransjar og verksemder gjer det lettare å bygge relasjonar, dele kompetanse og finne nye karrieremoglegheiter i Sogn.
Mange søkjer seg til regionen for å kombinere karrieren med det ville friluftslivet Sogn er så kjend for. Her finn du likesinna som brukar naturen til leik, inspirasjon og ro, samtidig som dei vil gjere ein forskjell i arbeidslivet.
Vil du vite meir om korleis det er å bu og jobbe i Sogn?
2809
Arbeidsgjevarar
med over 3 tilsette i Sogn
40
Bedriftsmedlemmer
frå Sogn
29
tusen innbyggjarar
i Sogn
Derfor jobbar vi i Sogn
I Sogn kan du få ein meiningsfylt jobb i offentleg sektor, eller bidra til utvikling i eit spennande og innovativt næringsliv.
Her får eg verkeleg utfolde meg. Har vi lyst til å teste noko nytt så gjer vi det berre. Vegen er kort frå idé til handling.
Håkon Mogstad, ViteMeir.
I Dig.dir kan eg vere med og påverke, lære noko nytt og sjå at arbeidet fører til noko. Det er både givande og meiningsfullt.
Frida Bekkestad, Digitaliseringdirektoratet.
Her jobbar vi i mindre miljø, tett på leiinga, og du får ofte sjansen til å prøve deg innanfor fleire område.
Jonas Holt, Tersan Havyard
Din neste arbeidsgivar i Sogn
Sjekk ut våre medlemmer i Sogn. Kanskje er dette din nye arbeidsgivar?
-
Luster Sparebank
Sjølvstendig sparebank
-
Musea i Sogn og Fjordane
Driv tretten museum mellom fjord og fjell i nordre del av Vestland fylke
-
Nav Økonomiteneste
Økonomifunksjon internt i NAV
-
Njøs frukt- og bærsenter AS
Nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar
-
Norconsult Sogn og Fjordane
Samfunnsplanlegging og prosjektering
-
Norsk Bremuseum
Senter for klimaviten
-
Norway’s best AS
Tilbyr spektakulære naturbaserte opplevingar
-
Osland Havbruk
Produksjon av laks og aure
-
PwC Nordvest
Kompetansehus med teknologar, revisorar, rådgjevarar og advokatar

Eg bytta ut nærigsliv i Oslo med frilansliv i Sogn. Kvalitetane ved det nye livet er veldig viktig for meg. Å bu tjue meter unna næraste tursti gjer meg ekstatisk.
Hege Skogen
Dei kom for jobben
Kvart år takkar erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Sunnfjord. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.
Historier frå Sogn
Les historia til andre som har valt Sogn som arbeidsstad og bli inspirert!
