Hardanger og Voss

Hardanger og Voss er langt meir enn ein reiselivsdestinasjon. Dette er ein region med sterke industrimiljø, stor produksjon av fornybar energi, ei innovativ mat- og fruktnæring og bedrifter som utviklar løysingar for framtida. Regionen står for betydeleg verdiskaping og tilbyr deg eit arbeidsliv som kombinerer tradisjonar med nytenking.

Der sider, industri og nye idear møtast

Hardanger og Voss er ein region med lange tradisjonar og store ambisjonar for framtida. Her finn du spennande jobbar innan industri, fornybar energi, teknologi, handel, reiseliv og matproduksjon. Regionen utviklar nye satsingar innan hydrogen, sirkulær bioøkonomi og grøn industri, har sterke fagmiljø og fleire verksemder som konkurrerer i globale marknader. Samtidig er avstandane korte, med ein kvardag som gir rom for meir enn jobb.

Hardanger er Noregs viktigaste fruktregion, medan Voss har blitt eit senter for innovasjon innan berekraftig mat- og ressursutnytting. Her kan du jobbe med framtidsretta teknologi og verdiskaping, utan å gi avkall på nærleik til natur i særklasse og sterke lokalsamfunn. For mange er det nettopp det som gjer at dei vel å bli.

Vil du vite meir om korleis det er å bu og jobbe i Hardanger & Voss?

Arbeidsgjevarar

med over 3 tilsette i Hardanger og Voss

Bedriftsmedlemmer

i Hardanger og Voss

tusen innbyggjarar

i Hardanger og Voss

Derfor jobbar vi i Hardanger og Voss

I Hardanger og Voss kan du jobbe med tradisjonelle næringar tett på naturen, eller bidra til nyskaping i industrien.

Din neste arbeidsgivar i Hardanger og Voss

Sjekk ut våre medlemmer i Hardanger og Voss. Kanskje finn du din neste arbeidsgivar?

Dei kom for jobben

Kvart år takkar både erfarne og nyutdanna ja til eit arbeidsliv i Hardanger og Voss. Dei kom for jobben, men blir for naturen, fritida, menneska og moglegheitene.

Historier frå Hardanger og Voss

Les historia til andre som har valt Hardanger og Voss som arbeidsstad og bli inspirert!

Kanskje ein annan region passar deg betre?

Nordfjord
 
Sogn
 
Bergen
 
Sunnhordland
 
Nordhordland
 
Sunnfjord