Trainee: Webutviklar  Bilde

Har du lyst til å arbeide i eit internasjonalt og innovativt miljø?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Webutviklar Highsoft AS Vik Trainee
Highsoft AS Logo

Highsoft AS

Sentrumsgata 44, 6893 Vik i Sogn, Norge
6893 Vik i Sogn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørgen Tistel
+47 971 32 057

Søknadsfrist

15. mars 2023 Søk på stillinga her

Du søker direkte til Highsoft AS på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Kan du knekke koden? Og ikkje minst, har du lyst til å jobbe som webutviklar og samtidig få eit år fullspekka med opplevingar?

Vår visjon er å gjere det lettare for alle å publisere data på web, og det vert travelt når kundar frå heile verda bankar på døra. Me ser no etter deg som er lidenskapeleg opptatt av programmering og med eigne hobbyprosjekt, som kan hjelpe oss å løfte våre produkt til eit nytt nivå. Du er ein lagspelar som trivast i eit internasjonalt og innovativt miljø, der du kan få leike med ny teknologi og ulike rammeverk.

Som trainee i Framtidsfylket får du ein unik overgang frå studieliv til arbeidsliv. I tillegg til fast jobb i eitt år, er du del av eit sosialt nettverk av trainear.

Kva vil du gjere:

Bidra til å få fram prosjekt frå spesifikasjon til lansering

Vere med å vedlikehalde våre ulike produkt og tenester

Bidra til å betre våre produkt basert på tilbakemeldingar frå kundar

Jobbe med programmeringsspråk og rammeverk som t.d. javascript, typescript, og node.js

Vi kan tilby:

Konkurransedyktig lønn

Arbeidstid med fleksitid

Moglegheiter til å delta på kurs og konferansar

Avslappa arbeidsmiljø i moderne kontorlokale

Humørfylte kollegaer som har lidenskap for det dei driv med

Kort veg til fjord og fjell

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eitmangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no

Highsoft AS Kulturbilde