Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: Nærings- og samfunnsutvikling | Vestland fylkeskommune | Sogndal | Trainee |
Du søker direkte til Vestland fylkeskommune på denne traineestillinga.
Søk traineestillingSom trainee hos oss vil du i hovudsak arbeide med nærings- og samfunnsutvikling. Du vil mellom anna få oppgåver knytt til næringsutvikling innan reiseliv og landbruk. Arbeidet skjer i samarbeid med gode kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar.
Relevant utdanning minst på bachelornivå, og gjerne innan økonomisk/administrativ/samfunnsfagleg studieretning. Arbeids- og ansvarsområdet vil bli tilpassa utdanninga og erfaringa til den som vert tilsett.
Du har gode samarbeidsevner, vilje til å lære og er oppteken av å utvikle lokalsamfunna våre. Du er strukturert, løysingsorientert og god til å formulere deg skriftleg.
Som trainee vil du få eit interessant og lærerikt år med allsidige arbeidsoppgåver. Du vert kjent med både fylkeskommunen og samarbeidspartnarane våre gjennom praktisk arbeid. Gjennom samlingane (der ein av dei er i Brussel) i regi av Framtidsfylket sitt trainee-program vil du utvikle deg saman med traineear frå andre organisasjonar.
Les meir trainee-programmet her: Kva er ein trainee?
Arbeidsvilkår, pensjon og forsikringar i samsvar med kommunal tariff. Fylkeskommunen er ei IA-verksemd og arbeider aktivt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Les meir om oss her: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.