Trainee: Rådgjeving Bilde

Få ein kickstart på karrieren du ønsker deg! 

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Rådgjeving PwC Trainee
PwC Logo

PwC

Naustdalsveien 1
6801 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Charlotte Simmenes Eriksen
+47 98 86 48 40

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos PwC, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Ønsker du å starte karrieren din i eit stort og spennande kompetansemiljø? Triggast du av tanken på å bidra til å løyse viktige samfunnsproblem, side om side med fagekspertar innanfor ulike bransjar? PwC veks og har behov for fleire tilsette for å kunne levere på våre samfunnsoppdrag. Vi søker derfor ein trainee innan rådgjeving.

Som rådgjevar i PwC Nordvest får du jobbe tett på både private og offentlege kundar og bidra til å løyse utfordringar og spennande problemstillingar i lag med dei. Du blir del av eit dyktig team som er opptatt av både fagleg og personleg utvikling. Bank og finanssektoren, marin og maritim sektor, energi og reiseliv er nokre av bransjane vi jobbar med, med tema som strategiutvikling, analyse, berekraft, HR, leiing og omstilling. Har du utdanning eller erfaring innan berekraft er vi særleg interessert i å høyre frå deg.

Derfor bør du bli trainee hos oss

PwC tilbyr deg ein utfordrande og spennande jobb i ei av Noregs leiande kompetansebedrifter. Hos oss får du dei beste forutsetningane for å forme den karrieren du sjølv ønsker deg. Du blir del av eit tverrfagleg fellesskap av problemløysarar som jobbar saman for å løyse kundane sine utfordringar. Vi meiner at menneske må utviklast for å trivast, og du vil derfor raskt bli kopla på ein variasjon av kundeoppdrag og oppgåver.

Gjennom dette vil du få innsikt og erfaring fråeit bredt spekter av fagområde og bransjar. Her vil du oppleve ei spennande og bratt læringskurve, og du vil få god støtte frå din personlege karrierementor, leiar og teamet rundt for å handtere dette på ein god måte.

Er vi ein match? 

For å trivast hos oss bør du like ein arbeidskvardag som består av store og små oppgåver og utfordringar, kundeforståing og tidsfristar. Du må ha relevant fagkompetanse, god forståelse for økonomiske og teknologiske fag. I tillegg må du ha velutvikla analytiske eigenskapar, og kunne sette deg inn i komplekse problemstillingar på kort tid.

Arbeidsstad: Dette vil vi tilpasse, men mest aktuelt er Førde, Florø, Stryn eller Sogndal.

Vi håpar å høyre frå deg!

Spørsmål om stillinga kan rettast til Charlotte Simmenes Eriksen på charlotte.eriksen@pwc.com eller tlf+47 98 86 48 40.

Om PwC Nordvest

PwC i Nordvest er det leiande miljøet i vår bransje. Vi arbeider målretta med å bygge lokal kompetanse, og har eittverrfagleg og svært hyggeleg miljø med mange ulike tenester og fagfelt du kan bli ein del av. Vi er totalt ca. 85 rådgjevarar, revisorar, rekneskapsførarar og advokatar og er til stede på flerie lokasjoner i fylket vårt og nabofylket. Vi har kontor i Førde, Florø, Sandane, Måløy, Stryn, Sogndal, Ulsteinvik, Molde og Ålesund. Hos oss er det viktig med en kombinasjon av tenestekompetanse og bransjeerfaring. Fleire av våre kundar er leiande aktørar i sine bransjar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no

PwC Kulturbilde