Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Trainee: IT | Fjord1 AS | Kinn | Trainee |
Du søker traineestilling hos Fjord1 AS, men søknaden sender du til Framtidsfylket.
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har dei siste åra bygd og satt i drift nær 40 høgteknologiske el-ferjer som svarar på moderne klimakrav med lågutslepp. Fjord1 har gjennom dette arbeidet blitt verdsleiande innan ferjebransjen og står i teten for elektrifiseringa av dei norske fjordane.
Vår IT-avdeling er ein sentral bidragsytar i Fjord1 sin teknologiske utvikling og består av 11 dyktige tilsette. IT skal skape ein arena for utvikling og innovasjon der systemforvaltning og IT-prosjekt koordinerast på ein hensiktsmessig måte, med fokus på IT-sikkerheit, digitalisering, forretningsutvikling, tverrfagleg samhandling og kompetanse.
Ikkje nok med at gjengen på IT-avdelinga er fagleg svært dyktige, men det er ein sosial og aktiv gjeng som alltid byr på mykje humor og god stemning. Kombinasjonen av konkurranseinstinkt og humor er uslåeleg. På fritida er fleire av denne glade gjengen klare for toppturar og klatring, og det er alltid mogleg å hive seg med på tur og ta del i flotte naturopplevingar året rundt!
Som trainee i Fjord1 vil du få oppleve eit år med spennande oppgåver der du må utfordre deg sjølv med støtte frå fagleg dyktige kollegaer. Vi ynskjer å vere opne for kva kompetanse som finst i marknaden, og vil tilpasse traineestillinga til den kandidaten vil vel ut. Vi ser likevel at vi har eit spesielt kompetansebehov innan IT arkitektur, IT sikkerheit og prosjektleiing. Vi ser etter deg som ser nye løysingar, kan utfordre vår tankegang, er nysgjerrig og lærevillig, med eit sterkt ønske om å bidra til at Fjord1 når sine målsettingar.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2023 til august 2024.
Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no