Trainee: Business Intelligence Analyst – Finance and Customer Bilde

Vil du vere med å forme utviklinga av Enivest?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Trainee: Business Intelligence Analyst – Finance and Customer Enivest Sunnfjord Trainee
Enivest Logo

Enivest

Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jan Reidar Kalstad, Økonomisjef
97544723

Søknadsfrist

15. mars 2023

Du søker traineestilling hos Enivest, men søknaden sender du til Framtidsfylket.

Om stillinga

Vi ser etter deg som er nysgjerrig og løysingsorientert, og som skal vere med å gjere Enivest til eit endå meir datainformert og innsiktsbasert selskap.

Innsiktsavdelinga i Enivest er ei utviding av den tradisjonelle økonomiavdelinga, og vi integrerer oss i stor grad med resten av verdikjeda. Vi ser etter deg som vil hente ut og fordjupe deg i data knytta til sal, produkt, pris, finans m.m - og som saman med kollegaer tilarbeider og presenterer innsikt på ein forståeleg og pedagogisk måte.

Selskapet sin vekst, og den generelle utviklinga i marknaden, har gjort behovet for innsikt gjennom innhenting, strukturering og analyse av data stort.Som Trainee Business Intelligence Analyst i Enivest vil du jobbe tett med andre avdelingar gjennom heile verdikjeda, og relasjonen inn mot utviklingsavdelinga vil vere viktig for å sikre datatilgang og utbetring av datakvalitet.

Du vil spele ei nøkkelrolle i at Enivest skal nå sine strategiske mål på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at beslutningstakarane har nødvendige data, rapporter og modeller for å kunne ha full kontroll, og såleis eit godt grunnlag for å ta gode avgjersle
  • Utvikle og vedlikehalde brukarvennlege dashboards i Power BI, og vere ein sparring-partner ved analyse av data
  • Vidareutvikle og vedlikehalde eksisterande modeller i Power BI og excel
  • Bidra til å utvikle og løfte våre finansielle modeller (t.d likviditet og arbeidskapital)
  • Bidra til å digitalisere og automatisere prosesser
  • Bidra til løyse problemstillingar knytt til intern og ekstern rapportering

Ynskja kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan informatikk, ingeniørfag, matematikk, finans, økonomi eller liknande
  • Relevant erfaring med dataanalyse og god forretningsforståing
  • Komfortabel med å skrive SQL, og gjerne kjennskap til utviklingsspråk
  • Kunnskap om databaseteknologi
  • Erfaring med bruk av API
  • Erfaring og interesse for datavisualisering og dashboardesign i Power BI

Personlege eigenskaper

  • Interesse og nysgjerrigheit for data
  • Evne til å jobbe uavhengig med store datasett
  • Evne å sjå heilskapen, og å komme med innspel til korleis ein kan sikre betre datakvalitet
  • Evne å hente ut nødvendig innsikt frå store datasett og kommunisere dette til interessentar

Vi kan mellom anna tilby

  • Ei spanande stilling med ein viktig funksjon hjå ein leiande aktør
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Fagleg dyktige kollegaer
  • Framoverlent organisasjon som satser på sine tilsette
  • Konkurransedyktig løn og vilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Kollektiv bonusordning
  • Kjekke firmaturer

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap

Som Framtidsfylket-trainee får du:

  • Einspennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eitmangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Fire traineesamlingar og einutanlandstur

Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august 2023 til august 2024.

Kontakt

Jan Reidar Kalstad, Økonomisjef
E-post: jan.reidar.kalstad@enivest.no
Tlf: 97544723

Enivest AS er eit teknologiselskap i vekst. Selskapet vart skipa i år 2000, og er i dag ein leiande aktør på nordvestlandet. Enivest leverer fiber til over 22.000 privatkundar og 2.000 bedriftslinjer. I tillegg til fiber leverer Enivest tenester som TV- og strøymetenester frå Telia, telefoni og WiFi-løysingar. Vi er 60 tilsette med tyngda fordelt på hovudkontoret i Førde, og ved avdelingskontora på Sandane, Sogndal og Florø. Sjå meir om Enivest på nettstaden vår: www.enivest.no

Dette er berre eí av femti traineestillingar i Distrikt-Vestland, sjekk ut alle her:
Årets Traineestillingar | Framtidsfylket.no