Tre glade kollegaer står ved bru

Ingalill Lien Kristiansen (til høgre) saman med kollega Ole Kristian Os og Solveig Nesje Peersen.

Nyheiter

- Ein attraktiv jobb var eit absolutt krav

Då Ingalill og kjærasten skulle flytte på seg, var både Vestlandet og Nord-Norge eit alternativ.

Til slutt var det Vestlandet og ei spennande stilling i Lotteri- og stiftelsestilsynet som trakk det lengste strået.

Tekst: Marie Tefre Birkeland, Lotteri- og stiftelsestilsynet. Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet

Ingalill Lien Kristiansen (29) frå Hamar er blant dei ferskaste tilsette i tilsynet. Ho er utdanna jurist og hadde fast jobb i Mattilsynet, men ho og kjærasten hadde lyst til å oppleve meir av Norge. Jobbsøket var vidt, med to krav: Fin natur og ein interessant jobb.

– Vi er glade i fjord og fjell, og både Vestlandet og Nord-Norge var alternativ vi såg på. Vi var på jakt etter eit nytt landskap, og noko heilt anna enn det vi var vande med. Men ein attraktiv jobb var eit absolutt krav.

Så dukka ei ledig stilling på avdeling for frivilligheitsstøtte i Lotteri- og stiftelsestilsynet opp.

– For å vere ærleg hadde eg aldri høyrt om arbeidsplassen før. Eg las litt på det, og interessa blei fort vekka. Det var eit heilt nytt felt for meg, og eg kunne få jobbe med eit snevrare område enn eg var vand med. Eg tenkte fort at her kom eg til å lære mykje.

Jobbtilbodet kom, og Lien Kristiansen takka ja. Kjærasten, Espen Kjeldsen, kan bu kor som helst. Han er signalmontør i Nettpartner Bane, og reiser rundt i heile landet i jobben.

– Men det er jo ironisk at ein som jobbar med jernbaner flyttar langt vekk frå nærmaste togskinne, seier ho med ein latter.

ti kollegaer smiler til kamera ved elvebredden i Førde.

Det var rekordmange nytilsette i Lotteri- og stiftelsestilsynet denne hausten. Ingalill står bakerst til venstre. Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Vil leike turist i heimkommunen

Paret hadde aldri vore i Sunnfjord før Lien Kristiansen takka ja til jobben. Rundt påsketider reiste dei på visning for å finne ein plass å bu. Det enda med leilegheitskjøp i Naustdal, som ho skildrar som eit turmekka.

– Vi kjenner på at balansen mellom jobb og fritid er viktig, og det er jo ein av grunnane til at ein statleg jobb er så tiltrekkande. Du har den fleksibiliteten. Og det er jo nettopp den kombinasjonen vi flytta hit for. Vi vil rekke å gå på fjellet etter jobb.

I tillegg til interessante og lærerike arbeidsoppgåver, drar ho fram arbeidsmiljøet som eit stort pluss ved arbeidsplassen.

– Ein blir tatt veldig godt imot, og stemninga er lett og god. På mi avdeling har vi enormt mykje å gjere for tida, men tar oss likevel tid til ein is i sola innimellom. Det at ein tar seg tid til kollegaene sine synest eg er bra.

Fagdirektør for organisasjon og personale står i eit modernistisk bygg. Ho har armane kryssa og ser rett i kamera.

Siv-Karin Hestad er fagdirektør for organisasjon og personale. Foto: Dagrun Reiakvam/Lotteri- og stiftelsestilsynet

Nye tankar og ny giv

Då koronapandemien kom, fekk Lotteri- og stiftelsestilsynet blant anna ansvar for store krisepakkar og støtteordningar for frivilligheita i Norge. Då var det berre å brette opp ermene, og få tak i fleire folk.

Siv-Karin Hestad er fagdirektør for organisasjon og personale. Ho seier det positivt med så stor vekst, men at det kan vere krevjande å få tak i dei rette folka.

– Vi ser ein heilt anna marknad i dag, enn vi gjorde for berre to år sidan. Vi får færre søkarar på stillingane, men vi har heldigvis klart å få inn folk med rett kompetanse, og det er vi stolte av.

Og då startar jobben med å få dei til å bli verande i organisasjonen.

– Det er viktig for oss at folk trivst. Vi har eit stort fagmiljø og eit godt arbeidsmiljø. Så er det sjølvsagt folk som begynner i andre jobbar, og det er heilt naturleg. No har vi ein god kombinasjon av erfarne folk som har vore her lenge, og nytilsette som kjem inn med nye tankar, nye idear og ny giv. Den samansetninga av tilsette er ein klar styrke for oss, seier Hestad.

Sjå ledige stillingar i Vestland

Fleire saker