Sommarjobb ungdomsfiske

Tidleg krøkast som god fiskar skal bli? Ein sommarjobb gir både erfaring, løn og vegval for framtida. I Kinn kommune kunne ungdomar mellom anna prøve seg som fiskarar i sommar.

Nyheiter

Sommarjobben formar framtidige karriereval

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Ungdomsfiske, Kinn kommune

Å tilsette sommarvikarar er ikkje berre ein praktisk måte å løyse ferieavviklinga på. Det viser vår evaluering etter Sommarjobb i Vest-kampanjen.

I sommar gjennomførte Framtidsfylket ei spørjeundersøking for å få betre innsikt i erfaringar, moglegheiter og haldningar knytta til sommarjobbar. No er resultata klare!

Kven som har gjennomført undersøkinga? Vår eigen sommarvikar Magnus!

Høg tilfredsheit hos begge partar

Hovudfunna viser at både arbeidstakarar og arbeidsgivarar er svært fornøgde:

  • 98 % av bedriftene er nøgde med sommarvikarane sine
  • 95 % av dei unge er nøgde med sommarjobben sin
  • 91 % av bedriftene meiner vikarane tilfører verdi
  • 73 % av ungdomane kunne tenke seg å jobbe i same bedrift igjen
  • 58 % seier at sommarjobben har påverka kva dei ønsker å jobbe med i framtida

– Det er på høg tid å få sommarjobb inn i rekrutteringsstrategien.

Linda

Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket Vestland.

Sommarjobben formar karriereval

For dei fleste unge er sommarjobben det første verkelege møtet med arbeidslivet. At meir enn halvparten seier at sommarjobben påverkar kva dei vil jobbe med seinare, viser at opplevingane du gir sommarvikarane i dag, kan avgjere om dei vel nettopp di bransje når dei skal setje karrierekursen seinare.

At også 73 % gjerne vil tilbake til same bedrift seinare, understrekar kor viktig det er å vise seg fram for ungdomen tidleg.

- Tala stadfestar langt på veg det vi allereie har visst, nemleg at å tilby sommarjobbar er strategisk smart for bedrifter som treng arbeidskraft og kompetanse seinare. Det er på høg tid å få sommarjobben inn i rekrutteringsstrategien, om den ikkje allereie er der, smiler dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Kva ønskjer ungdomane seg?

Evalueringa avdekkar likevel eit gap mellom arbeidsgivar og arbeidstakar sine prioriteringar. Der bedrifta er mest oppteken av driftssikkerheit og framtidig rekruttering, ser dei unge etter fagleg relevans, løn og utviklingsmoglegheiter.

Vil du gjere sommarjobben meir attraktiv for dei unge? Dette trekkjer dei sjølv fram som viktig:

  • Gi oppgåver som er relevante og koplar utdanning med praksis
  • Sørg for god onboarding og oppfølging, gjerne med mentorordning eller fadder
  • Vis fleksibilitet rundt arbeidsplan og ferieønsker
  • Tilby konkurransedyktig løn og ryddige rammer
  • Legg innsats i å skape eit inkluderande og sosialt miljø

– Dette skil seg eigentleg lite frå det generelle arbeidslivet. Det handlar om mange av dei same drivarane som gjer ein arbeidsplass attraktiv elles, seier Hovland.

Ønskjer du å lese heile rapporten? Send ein mail til post@framtidsfylket.no, så sender vi den til deg.

Sommarjobb i Vest

Om kampanjen

Kampanjen Sommarjobb i Vest samlar alle sommarjobbar i Vestland på éi nettside, promotert gjennom sosiale medium og andre kanalar. Målet er å gjere det enklare for ungdom å finne relevante sommarjobbar, og å sikre rekruttering og vekst i fylket.

Kampanjen og undersøkinga er gjennomført av Framtidsfylket Vestland på vegne av Vestland Fylkeskommune, NHO Vestland og Nav Vestland.

Fleire saker