– Om du gjer jobben, gjer traineen jobben

Då milliardverksemda Norwell tilsette ein trainee rett frå skulebenken, var det fordi han kunne bidra med nye tankar og meiningar.

– For oss var dette ein fin sjanse til å forynge organisasjonen. Vi er mange godt vaksne i Norwell, og ønsker å ha tilsette i alle aldrar, forklarar driftsdirektør Tor Hjalte.

Norwell i Florø driv med handel av fisk i både inn- og utland. Sjølv om selskapet berre har rundt 20 tilsette, handlar dei med enorme verdiar innan eksport av laks og aure. Marknaden for sjømat er prega av høgt tempo, risiko og globale svingingar, og det kan vere krevjande for ein nyutdanna å hoppe inn i bransjen.

Merka seg suksesshistoriene

– Det var ikkje slik at vi måtte ha ein nyutdanna, men sjølve traineeprogrammet verka interessant. Vi hadde merka oss andre bedrifter sine suksesshistorier med trainee og var nysgjerrige på opplegget.

I 2025 starta dei jakta på den aller første traineen i Norwell. Framtidsfylket tok seg av utlysinga, og Norwell sat igjen med ein solid bunke med nyutdanna som ønska å jobbe i sjømatbransjen.

– Prosessen var fin. Vi fekk innblikk i mange interessante søkarar, og sat igjen med fire-fem aktuelle kandidatar.

Ei feiltilsetjing kan koste deg dyrt, og derfor kan det vere skummelt å tilsetje nokon rett frå skulebenken.

Rekruttering kan vere gambling

Tor samanliknar rekruttering med gambling:

– Du veit aldri kva du sit att med. Ei feiltilsetjing kan koste deg dyrt, og derfor kan det vere skummelt å tilsetje nokon rett frå skulebenken. Samtidig var det ei tryggheit i at tilsetjinga berre var for eit år. Om traineen ikkje var match med Norwell, kunne vi gjere retrett.

Håpet var å finne nokon som kunne bidra til at verksemda både fornya og forynga seg. Etter ein grundig rekrutteringsprosess, var det Juan Diego Kiønig Bostad som fekk tilbod om traineestilling i Norwell. 25-åringen frå Asker har utdanning innan økonomi og administrasjon og skulle jobbe med sal.  

Full klaff med trainee

– Vi kan ikkje seie anna enn at vi er kjempefornøgd med Juan, smiler Tor.

Han utdjupar:

– Juan har bidratt til masse som vi i etterkant ser at vi ikkje har hatt kontroll på. Han er sterk teknologisk, kjem med nye vinklingar på fleire felt, til dømes måtar å jobbe med logistikk og salgskalkylar på, og han jobbar sjølvstendig. Samtidig er han flink til å spørje om det er noko han ikkje er trygg på.  

Du får så mykje igjen for det

Tor fortel at dei har brukt tid på å gi Juan innsikt i dei ulike avdelingane – frå det å slakte og pakke fisk og heilt fram til levering – samt opplæring i sal og innføring i sjømatbransjen. Når vi konfronterer Tor med at 1/10 nyutdanna med master ikkje får jobb i dag, blant anna fordi arbeidsgivarane ikkje ser seg råd til å drive opplæring, har han eit anna syn på saken.

– Eg er fan av å ha ein miks av alle aldrar på arbeidsplassen. Dei ulike aldersgruppene bidrar på kvar sin måte. Som heilt fersk i arbeidslivet er du open for alt som er nytt, samtidig som du bidrar med friske tankar og idear. Juan var kjapp med å ta til seg lærdom, men laga også sine eigne system og rutinar. Ja, du må bruke litt tid på opplæring, men du får så mykje igjen for det.

Norwell har kontor i Florø tett på Fugleskjærkaia. Marknaden for sjømat er prega av høgt tempo og svingingar, og mange av diskusjonar blir tatt fortløpande mellom kollegaene.

Viktig for rekruttering i framtida

For Norwell handlar traineeordninga om meir enn éin enkelt tilsett. Tor meiner erfaringa har gitt selskapet eit viktig konkurransefortrinn i møte med framtidige rekrutteringsbehov.

– Vi kjem til å trenge fleire folk framover, og då er det viktig at folk veit om oss. Gjennom traineeprogrammet blir vi synlege for unge kandidatar som elles kanskje ikkje ville ha oppdaga Norwell, seier han.

Må gjere jobben

Han trekk fram at kvaliteten på søkjarane imponerte.

– Vi hadde fleire kandidatar som kunne passa hos oss. Mange er kanskje unge og har lite arbeidserfaring, men det betyr ikkje at dei ikkje har potensial. Tvert imot. Du kan vere med å forme dei og gi dei ein god start på arbeidslivet.

Sjølv ser han traineeordninga som ein trygg måte å investere i framtida på.

– Etter eitt år har både bedrifta og traineen fått god tid til å bli kjende med kvarandre. Om det ikkje fungerer, har begge partar ei naturleg moglegheit til å gå kvar sin veg. Men skal eg vere ærleg, så meiner eg at dersom det ikkje fungerer, må ein også sjå på kva ein sjølv som arbeidsgivar har gjort. Om du gjer jobben, gjer traineen jobben.

Eit viktig nettverk

Ein viktig del av traineeprogrammet er å gi deltakarane eit nettverk og ein sosial arena.

– Traineesamlingane gjer at dei møter andre unge i same situasjon, på tvers av bransjar og bedrifter, seier Tor.

Han meiner dette er ein styrke både for traineen og bedrifta.

– Når folk trivst utanfor jobb, trivst dei ofte betre på jobb òg. Fleire flyttar til ein ny stad der dei ikkje kjenner nokon frå før. Då betyr det mykje å få eit nettverk. Eg trur det har vore viktig for Juan, og det gjer det også lettare for bedrifter å rekruttere folk til regionen.

Hyttetur: Juan deltok på til saman fem samlingar for å bli kjend med resten av traineekulllet.

– Hopp i det

Til andre verksemder som vurderer å bli traineebedrift, er bodskapen frå Tor klar:

– Hopp i det. Eg har inga skepsis til traineeordninga. Du får inn friskt blod, nye perspektiv og folk som utfordrar etablerte måtar å gjere ting på. Vi lærer av kvarandre.

Han meiner mange undervurderer kor mykje ein nyutdanna faktisk kan bidra med.

– Dei unge er raske til å ta til seg lærdom, men vi som har vore lenge i arbeidslivet må også bli flinkare til å lytte. Eg pleier å seie at vi skal lytte dobbelt så mykje som vi snakkar.

Erfaringa med Juan har i alle fall gjort inntrykk.

– Dette har lønt seg. Etter eitt år var vi hundre prosent sikre på at han var vår mann. Når vi skal rekruttere igjen i framtida, er vi ikkje framande for å tilsetje ein ny trainee.

Juan Diego Kiønig Bostad opplever at han blir tatt vare på og satsa på i Norwell

Frå Asker til Florø

For Juan Valero Kiønig Bostad var traineeprogrammet inngangsbilletten til både sjømatnæringa og Vestlandet.

– Eg ville jobbe med oppdrett og sjømat. Det er ei framtidsretta næring med mykje teknologisk utvikling, og det er spennande å selje eit produkt som folk faktisk ønskjer, seier han.

Då han vurderte stillinga i Norwell, var det ikkje berre arbeidsoppgåvene som freista.

– Florø blei presentert som ein bra stad, og Norwell gav tidleg inntrykk av å vere ei bedrift som tek vare på dei tilsette og satsar på folk.

I dag er han glad for at han tok sjansen.

– Eg har blitt veldig positivt overraska. Eg trudde kanskje det skulle vere mindre som skjedde her, men opplever eigentleg det motsette. Når det er færre folk, er det fleire som engasjerer seg og tek initiativ. Dei som er gira, er verkeleg gira.

Har rekruttert dama til Florø

Gjennom traineeprogrammet fekk Juan raskt eit nettverk av andre nyutdanna i regionen.

– Dei næraste vennene mine i Florø og Sunnfjord er folk eg blei kjend med gjennom traineeprogrammet. Vi hadde fest saman i helga, og i går hjelpte vi kvarandre med dekkskift, ler han.

Ved sida av jobben har han engasjert seg i U40 og fleire sosiale aktivitetar i Florø.

– Du må ta litt ansvar sjølv og tore å møte opp på ting der du ikkje kjenner nokon. Men traineeprogrammet gjer det mykje enklare fordi du startar saman med andre i same situasjon.

Også privat har han funne seg godt til rette. Kjærasten Johanne har flytta etter til Florø for ei traineestilling i Cedra.

– Ho er sjølv frå ein mindre stad, og seier at ho kjende seg heime frå dag éin, smiler han.

For Juan har traineeåret gitt både fagleg utvikling, nye vennskap og ein karriereveg vidare.

For Norwell har det gitt akkurat det dei håpa på då dei bestemte seg for å satse på ein nyutdanna: nye perspektiv, ny kompetanse og ein medarbeidar dei ønskjer å behalde vidare.

Les relaterte artiklar